– Ta ein pause, be om avløysar, tilrår Halle Arnes i Norsk Landbruksrådgivning.

I fjor registrerte Mattilsynet 59 tilfelle av alvorleg vanskjøtsel hos norske bønder, fortel NRK. Sjukdom og personleg krise hos bønder er ofte årsaka til dyretragediar. Men bøndene søkjer ikkje hjelp før tragedien er eit faktum.

– Det er ofte vanskeleg å oppdage bønder som slit, seier distriktsleiar Halle Arnes i Norsk Landbruksrådgivning Nord-Noreg til NRK.

Det er blitt færre bønder i bygdene og gjerne større geografiske avstandar mellom dei. Den kontakten naboane har hatt seg imellom blir utvatna når det er lengre mellom bøndene.

– Landbruksyrket kan vere einsamt, og i mange tilfelle kviler heile ansvaret for både dyr og økonomi på ein einsleg bonde, seier Arnes.

– Vi må tørre å snakke meir om psykisk helse. Vi må alle bry oss. Bønder som slit, bør ta seg ein pause nokre dagar. Be om ein avløysar og ta ein pause frå kvardagsjaget ein er oppe i, seier han. (©NPK)