Musikk som terapi

Kjære byråd, vis at de tek personar med psykiske lidingar på alvor. Vis at de tek ungdommen i Åsane på alvor.

VIKTIG TILBOD: I musikkgruppene møtes psykisk syke kring ei sterk felles interesse for musikk.
  • Lars Tuastad, Elin Sofye Rabbevåg og Malena Grov Ottesen
    Musikkterapeutane i MOT82
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

MOT82 er et musikkoppfølgingstilbod for menneske med psykisk liding. Det er ein kommunal kulturverkstad for befolkninga i Åsane. Tilbodet er finansiert ved hjelp av samhandlingsmidlar, og har pengar til og med desember 2016. Svært mange er no bekymra for kva som vil skje i 2017.

Som musikkterapeutar i prosjektet møter me mange flotte menneske med unike ressursar, samstundes som vi ser at fleire opplev ein tøff kvardag som pregar dei på ulike måtar. I MOT82 kjempar deltakarane for kvarandre. Dei utviklar seg i lag, knyt kontaktar på tvers av alder og musikkgrupper, gir kvarandre ros og støtte og møtes kring ei sterk felles interesse for musikk.

Unge og vaksne med psykiske vanskar deltar på bandøvingar, lågterskeltilbodet musikkafé, kor, innspelingar og individuelle musikktimar. Dei spelar konsertar i det offentlege rom som Garage, på U82 og på Bjørgvin distriktspsykiatriske senter.

Mange av deltakarane har stått fram i media og gjer med det eit betydingsfult bidrag med å bryte ned fordommar kring psykiske lidingar. Deltakarane er i denne samanheng førebileter for mange og kan vise folk at ein kan være i psykisk ubalanse, men framleis ha friske sider og oppleve engasjement og meistring saman med andre. Dette er særskilt viktig med tanke på at norske og internasjonale studiar viser at 30–50 prosent av den vaksne befolkninga kjem til å oppleve utfordringar som er så store at dei kan kallast ei psykisk liding i løpet av livet.

Les også

Jeg takker Sandviken sykehus

Når me ser på forsking kring betring for personar med psykisk liding, er det særskilt tre faktorar som utpeikar seg: Sosial støtte, å oppleve å være viktig for andre, og å ha ein identitet som rommar meir enn berre det å være ein person med psykisk liding. Alt dette opplever me musikkterapeutar at deltakarane får erfaringar med i dette tilbodet. Dette er også noko som vert stadfesta i ein evalueringsrapport som nyleg er ferdigstilt. Detakarane er svært motiverte og tilfredse. Alle har eit ønske om vidareføring. I dag er det venteliste for å komme inn i musikktilbodet.

Me veit at Komité for helse og sosial har mange ting på agendaen, og at de skal kome alle innbyggjarane i Bergen kommune i møte på best mogleg måte med dei midlane de har. Det kan vere vanskeleg å velje og prioritere. Men akkurat no treng me at de prioriterer MOT82. Det som er eit lokalt prosjekt i Åsane, er også noko som vert sett opp til og løfta fram som eit føregangsdøme fleire andre stader i landet.

Kjære byråd, vis at de tek personar med psykiske lidingar på alvor. Vis at de tek ungdommen i Åsane på alvor. Vis at de vil satse på musikkterapi som førebygging og oppfølging i psykisk helsearbeid. Vis mot. Vidarefør MOT82 som eit fast kommunalt tilbod.

Publisert: