Eit psykisk klasseskilje

Om du er så lei deg at du treng litt hjelp for å få livet ditt til å fungere, så må du reise langt eller vente lenge. Eller betale dyrt.

DÅRELG TILBOD: Kvifor er det så dårleg tilbod frå det offentlege, når sorg er noko som alle vert råka av ein eller annan gong i livet? skriv innsendar.
  • Kristian Fjellanger
    Kristian Fjellanger
    Forfattar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kvart år døyr det i overkant av 40.000 menneske i Norge. Foreldre, besteforeldre, sysken, vener og kollegaer. Når nokon ein kjenner og er glad i går ut av tida, er det normalt å bli lei seg. Men kva om ein ikkje klarer å finne attende til lukka og si eiga livsglede?

Sorg er ingen sjukdom. Det er ein normal reaksjon. Det ville vore meir unormalt og ikkje kjenne på sorga. Difor er sorg heller ikkje ein diagnose, og ei grunn til å få sjukmelding. Men det er berre på papiret. Er du så lei deg at du er ute av stand til å gå på jobb, så får du sjukmelding. Med ei eller anna kreativ diagnose. Når pappa døydde, så vart eg diagnostisert som ein mann på 37 i psykisk ubalanse. Så då får ein litt tid, litt færre krav og mogelegheita til å kome seg i vater att.

Men om du ikkje klarar det, og treng litt meir hjelp. Då byrjar det å verte utfordrande.

«Nokon i kommunen»

I heftet «Når en av våre nærmeste dør» oppmodar Helsedirektoratet deg til å prate med ein person du har tillit til i nærmiljøet eller nokon i hjelpeapparatet til kommunen. For mange vil det nesten vere ei uoverkomeleg oppgåve å finne hjelp hjå «nokon i kommunen», med det byråkratiet det kan medføre når ein er «sorghemma».

I heftet foreslår Helsedirektoratet og å gå inn på ei heimeside som er kalla sorggrupper.no. Her kan ein finne tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Sorggrupper.no er ei oversikt over ulike typar samtalegrupper. Om eg sjekkar min eigen heimkommune, Lindås utanfor Bergen, får eg følgjande melding frå nettstaden:

«Det er dessverre ikke registrert noen tilbud i Lindås kommune. Prøv en av nabokommunene som du ser i oversikten i menyen til venstre»

Nabokommunane til Lindås er Radøy, Austrheim, Meland og, om ein ser litt stort på det, Fedje, Masfjorden og Gulen. Når eg søkjer på desse kommunane, får eg same meldinga. I heile Nordhordlandsregionen kan ein altså gjennom denne tenesta, som Helsedirektoratet anbefaler, ikkje finne eit einaste tilbod for menneske i sorg.

Ikkje nok tilbod

Om ein ser endå større på det, og sjekkar opp heile Hordaland og Sogn og Fjordane, så er det ikkje så mykje betre stelt. I Bergen er det 11 grupper. Dei 3-4 som ville vore relevante for meg, har ein eigendel på over 300 kroner for kvart møte, medan Haraldsplass Diakonale Stiftelse skal ha om lag 1700 kroner for 8 gruppemøte. Om ein ikkje er så heldig å bu i Bergen, så er dei to andre kommunane i Hordaland der ein har eit tilbod på Voss og i Fjell Kommune.

I Sogn og Fjordane er det endå verre stelt. Der har ein i heile fylket tre slike sorggrupper som Helsedirektoratet anbefaler. Sogndal og Luster kommunar for vaksne og ei i Førde for born i regi av Kreftforeningen. Med andre ord, så er det eit ganske sørgjeleg tilbod i dei to vestlandsfylka som til saman har over 600.000 innbyggjarar.

Eit anna alternativ om ein skulle vere så lei seg at ein treng hjelp, er psykolog. Eg fekk sjølv ei tilvising til psykolog. Og eit råd om å «jazze opp» mine lidingar litt, slik at det er meir freistande for psykologen og ta meg som pasient. Like fullt var det nærmare eit halvt års ventetid før eg kunne leggje meg på ein på ein benk, og tømme meg for dei vonde tinga hos offentlege psykologar. Då vert ein litt desperat og søkjer andre løysningar.

Ei annan løysning er å gå til ein privatpraktiserande psykolog, der du må betale heile gildet sjølv. Det kostar om lag tusen kroner for ein time med ein privatpraktiserande psykolog, og skal ein ha behandling over tid, er dette noko som tek eit solid jafs av inntekta di. Eg er slik stilt økonomisk, at eg kunne ta meg råd til nokre timar med slik hjelp, men det er det jo slettes  ikkje alle som kan.

Ein rapport som kom frå SSB i oktober 2016, syner at inntektsforskjellane blant nordmenn er aukande, og at stadig fleire lever på låg inntekt. Dei med lågast inntekt kjem og dårlegast ut på helsestatistikkar. Einslege forsørgjarar, minstepensjonistar og personar som bur åleine utgjer ein stor del av denne gruppa.

Les også

Psykologi er ikke kun for «de syke»

Skaper eit klasseskilje

Når ventetida til offentlege psykologar er så lang, så skaper ein eit klasseskilje i psykiatrien. Dei med pengar betaler seg ut av køen, medan dei som kjemper for å få endane til å møtast, eller som ikkje har 2-3000 til disposisjon kvar månad, må vente i lange månader for å få hjelp. Månader som gjerne er med på å gjere situasjonen verre og komplisert. Og som då kan få store konsekvensar. Eit sår på sjela – slik sorg kan opplevast kan kjennast like akutt som eit brot i armen.

Forskjellen er at ein ikkje må vente for å få gips på armen.

Kvifor er det så dårleg tilbod frå det offentlege, når sorg er noko som alle vert råka av ein eller annan gong i livet?

Ei mogleg årsak kan vere at ein regelrett ikkje veit nok om det. Helsedirektoratet opplyser over telefon at dei ikkje har tal på omfanget av sjukemeldingar på grunn av sorg, eller kor mykje dette faktisk kostar samfunnet i sjukepengar. Dette fordi sorg ikkje er ei diagnose og soleis ikkje vert registrert.. Når ein ikkje har tal på kor mange dette gjeld, så er det også tilnærma umogeleg å legge til rette for at det er nok og riktig hjelp . Og då står ein der. Ganske einsam.

Og når du er lei deg – så er det vondt å kjenne seg åleine.

Publisert: