Hopp til innhold

Lite pengar til Inn på tunet – tilbod

GAULAR (NRK): «Inn på tunet»-ordninga har fått mykje skryt og gjeve gode resultat. Likevel slit gardsdrivarane med å få endane til å møtast.

Linda Rogna gjev litt høy til eine hesten

EKSTRAMÅLTID: Medan regnet høljar ned, lèt gardsstyrar Linda Rognø hestane kome inn i stallen. – Forsking og studiar har synt at kontakt med dyr har ein positiv effekt på helsa vår. Blodtrykket vert senka, og pulsen og nivået av stresshormon i blodet går ned, seier Rognø.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Eg synest det er veldig synd at demente ikkje kjem til garden lengre. Sjølv om eg er veldig glad i dei andre brukarane som kjem hit, fekk eg eit stort hjarte for dei med demens.

Det seier Linda Rognø som driv Hestegarden i Gaular, ein av dei 390 «Inn på tunet»-omsorgsgardane i landet. Nokre år etter at demente fekk kome til garden hennar fast kvar veke, såg kommunen seg nøydd til å kutte ut tilbodet av økonomiske grunnar.

Helse- og sosialsjef i Gaular, Kjell Idar Dvergsdal, er lei for at kommunen ikkje har makta å halde oppe tilbodet også for dei demente.

Vi har større behov enn det vi kjøper i dag. Økonomien set avgrensingar sjølv om vi brukar 1,5 millionar kroner på «Inn på tunet»-tiltak som er helse- og omsorgsrelaterte, seier han.

Rognø seier på si side at ho har følt at Gaular kommune har vore kjempepositiv til omsorgsgardsdrift heile vegen sidan ho starta opp. Men ho synest det er trist at dårleg kommuneøkonomi skal føre til at ein ikkje kan prioritere å gje livsglede til demente, og legg til:

Det var fleire av dei som hadde mista språket sitt. Men eg såg kor dei tødde opp då dei kom til gards, stundom høyrde eg fine replikkar òg

Hønene på garden i steget

HØNER I STEGET. Seks gardsfoto frå Hestegarden i Gaular.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Pengar til oppstart, men ikkje til drift

Sidan 2009 har «Inn på tunet»-ordninga offisielt hatt prioritet frå regjeringshald. Men pengane som vert løyvde går ikkje til kommunane. I staden vert løyvingane kanaliserte gjennom Innovasjon Norge, for å gje tilskot til å starte opp nye omsorgsgardar.

Samstundes må andre gardar pakke saman. I Sogn og Fjordane har nyss ein «Inn på tunet»-gard i Luster måtte leggje ned, fordi han ikkje blei prioritert av kommunen. Også her var det eldre demente det gjekk ut over.

Seniorrådgjevar Bjørn Hvaleby i Matmerk, den statlege stiftinga som har tilsyn med omsorgsgardane, vedgår at det er vanskeleg for mange gardar å drive, sjølv om tilbodet deira er bra.

– Vi må berre innsjå at kommuneøkonomien mange stader byd på utfordringar. Men fleire av kommunane som brukar tilbodet aktivt, har gjeve tilbakemelding om at det ikkje er noko dyrare å ha denne typen tilbod enn eit tilbod i kommunal regi.

– Samfunnet kan spare pengar

I ein e-post minner Mat- og landbruksministeriet om at dei i tillegg til å gje pengar til Innovasjon Norge, også står for finansieringa av Matmerk-ordninga som godkjenner gardane, men at "Landbruks- og matdepartementet sjølvsagt ikkje kan pålegge kommunane å kjøpe Inn på tunet-tenester."

Rognø trur at samfunnet kan spare mykje pengar på «Inn på tunet»-ordninga på lengre sikt.

– Når det til dømes gjeld demente, kan fast avlasting på gard kvar veke utsetje innlegginga på pleieheim med to år, seier ho.