Hopp til innhold

– Fryktkultur blant tilsette i bufellesskap

BERGEN (NRK): Tilsette i Bergen kommune vågar ikkje å snakka om høgt sjukefråvær og arbeidspress i bufellesskap for psykisk utviklingshemma, meiner tillitsvalde og opposisjonspolitikarar.

Jana Midelfart Hoff

UROA: Jana Midelfart Hoff (H) meiner Etat for tenester til psykisk utviklingshemma skil seg negativt ut med lite openheit. – I ein del andre sektorar i kommunen nøler ikkje folk med å seia ifrå når dei føler noko er gale eller kunne vore annleis.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er ei frykt blant dei tilsette i høve til å snakka om sjukefråvær, seier hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Bergen kommune, Renathe Remes Øen.

Førre veke fortalde NRK om rekordhøgt sjukefråvær og belastande arbeidskvardag i bufellesskapa i Bergen, der fråværet somme stader er opp mot 25 %.

– Fråvær som handlar om arbeidsmiljø, arbeidsoppgåver, leiarskap og manglande involvering er særskild vanskeleg å snakka om, seier Øen.

Ho får støtte frå Høgres Jana Midelfart Hoff.

– I komité for helse og sosial har vi ei kjensle av frykt blant tilsette i bufellesskapa.

Ueinige om fryktkultur

Hoff meiner å sjå tendensar til ein fryktkultur.

– Det verkar ofte som at folk er redde for å uttala seg i høve til leiinga og hovudadministrasjonen. Det inntrykket har eg også delvis fått stadfesta gjennom førespurnader frå pårørande, seier Hoff.

Men etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma, kjenner seg ikkje att i det.

– Me jobbar veldig ope med sjukefråværet. Tilsette seier i stor grad frå om det dei meiner er kritikkverdige tilhøve, seier han.

Ole Daniel Virkesdal

VIL HA OPENHEIT: Etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma seier dei er opptekne av å vere opne når det gjeld sjukefråvær.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Heller ikkje helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) er einig med Hoff.

– Eg er ikkje kjend med nokon som helst fryktkultur eller noko som skulle vera til hinder for god kommunikasjon, seier Gåskjenn.

– Redde for å bli uglesett

– Openheitskulturen er nok ikkje slik visjonen i Bergen kommune vil ha det til. Jo lenger ned ein kjem, ut der tenestene blir levert, jo mindre openheit trur eg det er, seier Øen i Fellesorganisasjonen.

Ho fortel om ei særleg frykt blant tilsette i deltids- og korttidstillingar.

– Det er ein fryktkultur, for dei er så redde for ikkje å få vakter vidare, seier Øen.

Renathe Remes Øren

FRYKTKULTUR: Hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Bergen kommune, Renathe Remes Øen, er uroa over at tilsette kvir seg for å snakka om sjukefråvær.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Også Henning Åsheim, som er verneombod for alle i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma, stadfestar at folk ikkje vågar å snakka om arbeidsbelastning og sjukefråvær.

– Det kan vera dei er redd for å bli uglesett og få konsekvensar i etterkant. Eg trur me har ein veg å gå for å få ei openheit ute om det.

Det er jo ofte slik at tilsette i ein fryktkultur vil vera redde for å seia frå. Det er noko av problemet.

Jana Middelfart Hoff (H)

Toppstyring skapar utfordringar

Hoff meiner både aukande sjukefråvær og redsle for openheit handlar om ein kultur med toppstyring og manglande involvering av dei tilsette.

– Viss ein heile tida opplever å bli styrt ovanfrå og ned, med lite høve til å påverka sin eigne arbeidskvardag, kan ein faktisk bli sjuk av det.

Mikkel Grüner i SV, som leiar helse- og sosialkomiteen i Bergen, meiner ei endring krev tillit til tilsette.

Mikkel Grüner

VIL HA ENDRING: Mikkel Grüner (SV) er uroa over at om lag kvart femte bufellesskap i Bergen har over 15 prosent sjukefråvær, og fire av dei har over 20 prosent.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Då må ein slutta å sjå dei tilsette over skuldrene og fotfølga dei for å sjekka at målstyringa blir følgt. Det krev at ein har tillit til sine eigne tilsette og ikkje detaljstyrer dei, seier Grüner.

Gåskjenn og Virkesdal oppmodar eventuelt folk til å bruka vernetenesta, tillitsvalde eller den anonyme varslingslinja.

– Me vil ikkje at folk skal legga lokk på kritikk, seier etatsdirektøren.