Det er første gang Psykisk helseteneste i Eid inviterer til eigen fagdag.

–Vi har stor kjennskap til dei med diagnosenamn og historikk, kanskje har dei også omdømme i lokalmiljøet. Men det er viktig å sjå også desse. Den grunnleggjande tanken er å gjere ein forskjell for dei som er prisgitt oss, og at dei får ta del i helsetenesta på ein respektfull måte, fortel Anne Terese Eikeland, fagleg leiar for psykisk helseteneste i Eid.

Formidlingsplikt

I kinosalen i Operahuset var 80 fagersonar samla for å styrke kompetansen om relasjonsorientert miljøterapi. Desse kom mellom anna frå nabokommunane, spesialisthelsetenesta og Nordfjord psykiatrisenter.

Kommunane får vegleiingsplikt overfor spesialisthelsetenesta frå nyttår av.

–Vi må sikre at vi formidlar kjennskapen til våre brukarar klokt, seier Eikeland. Til inspirasjon på fagdagen henta ein inn Jon Vidar Strømstad og Anne Berit Eie Torbjørnsen, som fortel om det haldingsskapande arbeidet dei har gjort på Sola DPS for å møte alvorleg sjuke på ein god måte.