Samhandling i vekslingsfelta - heilskaplege og koordinerte helsetenester

Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og teknologiske mulegheiter; mellom anna.
Tid og sted

Thon Hotel Jølster, Skei i Jølster

14. mars kl 10:00 - 15. mars kl 16:00

Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte.

Tema under konferansen:

  • Habilitering og rehabilitering på tvers av nivå og sektorar – Bente E. Moe, Helsedirektoratet
  • Samhandling mellom ideologi og sosiale hierarki – Rolf Horne
  • Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest – Merethe Boge, Helse Vest
  • Korleis jobbar vi med tilboda til menneske med samansette behov i Sogn og Fjordane? – Kristine Brix Longfellow, Helse Førde
  • Ei god rehabiliteringsteneste med framtidsretta løysingar – Kari Ingeborg Bukve, Luster kommune
  • Frå kaos til linjer – brukarrepresentant Sindre Roska
  • «Å bli gamal i eigen heim» - Heidi Munch Starheim, Eid kommune/Anne-Grethe Halding, HVL
  • Korleis lukkast vi med å få alvorleg psykisk sjuke ut i jobb – individuell jobbstøtte – Karen Skretting Hovlid, jobbstøtte i Sogn
  • Pakkeforløp psykisk helse og rus – Helsedirektoratet
  • Kortreist co-produksjon – brukermedvirkningens potensial – Tone Larsen/Benjamin G. Rouen, HVL
  • «Eg vil gå sjølv, men gå med meg» – brukarrepresentant Dorte Gytri
  • Kva veit vi om behova til pårørande til eldre heimebuande med psykiske lidingar? – Hanne Marie Heggdal, HVL
  • «Leve hele livet» - Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen
  • «Motarbeidaren» Halvor Haukerud

 

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt for denne omfattande gruppa. Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet.

Meir informasjon, program og påmeldingsside: http://www.ks.no/kalender/sogn-og-fjordane-samhandlingskonferansen-2018/

Påmeldingsfrist: 16. februar 2018 Påmeldinga er bindande!

Relevante artikler:

Ingen treff...