ÅLESUND (smp.no): Karl-Arne Remvik, klinikksjef for psykisk helse og rus, orienterte styret i Helse Møre og Romsdal om utviklinga på styremøtet som pågår i dag, onsdag. Seinare onsdag skal den omstridde utviklingsplanen opp til behandling.

I 2016 var det 140 tilfelle av mekanisk tvangsmiddel/beltelegging i Helse Møre og Romsdal. I 2017 var dette redusert til 50.

– Dette opplever vi som positivt, og vi ser at fokuset vi har hatt på dette har gjort utslag, sa Remvik i si orientering til styret. Styret har hatt dette opp som orienteringssak minst to gonger før, og det var for eit par år sidan sterkt fokus på dette i media. Helse Møre og Romsdal kom dårleg ut i bruken av tvangsmiddel.

Remvik orientert om tiltak som klinikken har gjennomført for å få ned tvangsbruken, og få meir over på frivillig behandling. Mellom anna har 400 tilsette vore igjennom kursing, og helseføretaket har også utdanna eigne instruktørar i terapautisk mestring av aggresjon.

Men sjølv om bruken av mekanisk tvangsmiddel har gått ned, så har ikkje helseføretaket klart å oppnå alle styringsmåla i 2017. Mellom anna har dei ikkje klart å reduser talet på tvangsinnleggelsar.