Hopp til innhold

Fadese på nytt sjukehus: Gardiner kan gi pasientane nye sjukdommar

HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS (NRK): Psykisk sjuke ungdommar låg på «utstilling» bak glasfasadane på det nye barnesjukehuset. Løysinga på problemet skapte eit nytt.

Barne- og ungdomssjukehuset Haukeland

FASADEFADESE: Det splitter nye barnesjukehuset i Bergen har massive vindauge på det meste av fasaden. Det har ført til fleire problem.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Psykisk sjuke ungdommar og fødande kvinner får lyse rom med mykje glas på det topp moderne barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus.

Første halvdel vart opna i mai i fjor – og etter kort tid oppdaga sjukehusleiinga at det ikkje berre var fordelar med dei opne omgjevnadene.

Glasveggane fører nemleg til mykje innsyn frå gata og nabobygg. Det vart opplevd sjenerande for ungdommane.

– Viss du ligg her og skal kle av deg og på deg, og det heile tida er folk som går forbi utanfor ... Hadde det berre vore slik på eit rom eller to, men det er overalt, seier smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma i Helse Bergen.

Katrine Pettersen, Ungdomsrådet i Helse Bergen

SKJERMING: Ungdomsrådet til Helse Bergen er godt nøgde med det nye barnesjukehuset. – Me ser problemet med innsyn, men idéen er jo å redusera sjukehuskjensla og at ein skal føla seg mindre innestengt, seier leiar Katrine Pettersen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gardinene overfører bakteriar

Det er montert utvendige persienner og innvendige, elektriske rullegardiner. Men Oma reagerer på at sjukehuset også har hengt opp gardiner for å bøta på det sjenerande innsynet.

– Gardiner kan overføra bakteriar frå person til person. Det er snakk om store flatar, og då blir det mykje tekstilar. Det har vore ei utfordring.

Då er det fare for at bygget som skulle bli betre for pasientane, utset dei for fare for å få nye sjukdommar.

– Me er opptekne av at skjerminga skal vera lett å halda rein, og at ein ikkje har så mykje tekstilar. På eit sjukehus får du alltid tiss, bæsj, spy og griseri på ting, seier Oma.

Fasade barne- og ungdomssjukehuset Haukeland

GLASFASADE: Heile fasaden på det nye sjukehuset er av glas. Det er påført folie på vindauga på sengepostane, som slepp lyset gjennom, men gjer det vanskelegare å sjå inn.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ville fjerna stigma

NRK kjenner til at smittevernavdelinga tok opp problemstillinga i fleire byggemøte saman med arkitekt og prosjektleiar.

Seksjonsleiar Sture Larsen på Klinikk psykisk helsevern for barn og unge seier tanken bak dei store glasflatene er god, men medgir at dei også har skapt problem.

– Filosofien er å opna opp og ta ned stigma i høve til psykisk sjukdom. Men etter kort tid følte pasientar og foreldre seg sett utanfrå, særleg når det er mørkt ute, seier Larsen.

Derfor vart alle vindauga i sengepostane påført folie, i tillegg til at det vart hengt opp tynne gardiner som pasientane sjølve kan velja å trekka for.

Dorthea Hagen Oma, smittevernlege Helse Bergen

GARDINSMITTE: – Innsyn er jo bra, men med så svære glasflater blir det mykje tekstilgardiner, og auka smittefare, seier smittevernoverlege Dorthea Hagen Oma.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Prosjektleiar for bygginga, Helge Vidar Bergmann, seier målet er at arkitekturen skal bidra til å gjera pasientane raskare friske.

– Me tenker at lyse, gode omgjevnadar gir redusert liggetid og betre prognose, seier Bergmann.

Men det har altså ikkje berre gått som planlagd.

– Å bruka mykje glas er utfordrande. Pasientane skal føla seg trygge, og ikkje få meir innsyn enn dei kan leva med, konstaterer prosjektleiaren.

Sture Larsen, Helse Bergen

OPENHEIT: – Filosofien er å opna opp, men pasientar og foreldre følte seg sett frå utsida, så me limte folie på alle sengepostane, seier seksjonsleiar Sture Larsen på Klinikk psykisk helsevern for barn og unge.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Endå større fare på ny avdeling

No byrjar bygginga av resten av barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland. Der skal fødande kvinner og fysisk sjuke born og unge få plass.

Smittevernoverlege Oma påpeiker at faren for sjukehusinfeksjonar er endå større i avdelingar med kroppslege sjukdomar, og åtvarar mot å gjera same feilen der.

Helge Vidar Bergmann

LYSBEHANDLING: – Me tenker opne og lyse omgjevnadar gir betre prognose for pasientane, seier Helge Vidar Bergmann, prosjektleiar for Barne- og ungdomssjukehuset.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Prosjektleiar Bergmann vil likevel ikkje gi slepp på openheitsidéen.

– Me har jo lært litt som me tar omsyn til i neste byggetrinn. Det blir noko mindre glas og gardiner der, men me held fast ved hovudprinsippet om lyse og trivelege lokale, seier han.

Avdeling for psykisk helsevern, Barne- og ungdomssjukehuset i Bergen

UTSIKT OG INNSYN: Pasientromma på det nye barne- og ungdomssjukehuset i Bergen er lyse og opne, men pasientane ønsker skjerming, og gardiner aukar smittefaren.

Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen