Slik ser framtidas skule ut, ifølgje norske elevar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«På skulen i framtida har dei robotar som lærarar og flygande stoler som dei flyr med fram og tilbake frå skolen med. Dei har panneband på hovudet, så når dei snakkar så kjem det dei seier inn på ein skjerm. Heime fekk me ein robotlærar som er der for å sjekka at me gjorde leksene skikkeleg. Viss me tulla blei me slått med ein lang linjal.»

Slik ser Aurora (13) for seg skulen i framtida.

Ho er ein av nær 170 elevar på ungdomsskulen og vidaregåande frå heile Noreg som har skrive om draumeskulen deira i framtida, i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett.

Robotane kjem!

Mange av elevane har skrive om robotar og teknologi i skulen.

«Ein drøymeskuledag for meg er ein skuledag med bruk av mykje teknologi», skriv Henrik (13).

«Skulebøker treng vi ikkje lenger. Når alle sit med kvar sin pc er det betre og nyare informasjon på dei enn i skulebøkene som er frå 2006», skriv Ingeborg.

Hans Karl (14) trur ein kan spare mykje pengar på skulebygningar, transport og ikkje minst spesialtransport for funksjonshemma, fordi dei fleste vil følgje undervisninga heimefrå.

Fleire elevar trur at lærarane i meir eller mindre grad blir erstatta av robotar og teknologi.

Men ikkje alle:

«Me kan gjera det mest utrulege med teknologi. For eksempel ein do som spyler deg om du har gjort det eine eller det andre, men eg trur ikkje lærarar kan bli erstatta med robotar.» Selma (13)

Eit klasserom i 2000, slik kunstnaren Jean-Marc Côté såg det for seg i 1900.

Mange ønskjer varm lunsj

Fleire av elevane har fått med seg at Noreg er blant dei få landa i Europa der dei fleste av elevane enno må ha med nistepakke.

«Det burde vore varm, gratis og næringsrik mat i kantina i spisefri» skriv Rakel.

«Blir veldig stressa fort og eg skal prøve og ikkje bli stressa av skolen og alle leksene og sånn. Det hadde vore bra om vi kunne få spise også når ein er svolten i timen. Da konsentrer eg meg betre», skriv Kate-Angeliqué.

Stress og livsmeistring

Stress vil elevane ha mindre av, medan fysisk aktivitet og psykisk helse er det fleire som vil ha meir av på timeplanen.

«Fleire blir stressa av at det står ein lærar og ser på når dei arbeidar, så eg synest at det hadde vore betre med eit system der du kunne tilkalle ein lærar viss det var nødvendig», skriv Ingeborg.

«Viss vi skal sitte inne heile dagen og bruke programering so treng me også litt meir fysisk aktivitet sånn at vi slepp og sitte stille heile dagen», skriv Olav.

I arbeidet med dei nye læreplanane, fagfornyinga, er livsmeistring og folkehelse eitt tverrfagleg tema som skal kunne finnast i alle fag.

Fleire elevar ønskjer meir KRLE for å læra meir om kva andre trur på.
Foto: James Shepard/Flickr

Fleire vil ha KRLE

Fleire elevar tar til orde for å ha meir KRLE på skulen.

«Vi har berre KRLE i 45 minutter i uka, det er eit viktig fag som vi treng meir av», skriv Jente (13).

«Vi treng meir KRLE fordi vi burde kunne vite kvifor nokon trur på noko anna enn oss sjølv, og kva dei trur på», skriv Ellinor (13).

Les vinnarbidraget til Tomine Berge her!

Effektivitet på Sunnmøre

Tekstane er sendt inn frå skular frå dei fleste fylka i Noreg. Fleire elevar frå Sunnmøre merkar seg ut med å vera meir opptatt av effektivitet og ressursbruk.

«Om ein skulle iverksett desse tiltaka vil dei verken kreve allverda med ressursar, kapital eller tid for å innførast», skriv ein elev ved Spjelkavik vidaregåande skule.

Les vinnarbidraget til Ida Heggland her!

Andre kommentarar

Ein skuleforskar eller idéhistorikar vil kunne finna mykje interessant i alle svara frå elevane. Her er nokre andre svar som kom inn:

«Elevane kjem til å få bruk for engelsk i livet sitt.» Ida, 14 år

«Dei framtidige skolane kjem truleg til å ha forskjellige klasserom til kvart fag.» Nikolai, 13 år.

«Kvifor er det så viktig kor grundig vi tenkjer eit fjes i kunst og handverkstimane medan nesten igjen vekt vert lagd på generell tryggleik i samfunnet, eit samfunn som i dei siste åra har vart preget av grufull terror både i Noreg og i Europa.» Milos, 17

LES INTERVJU MED VINNARANE AV SKRIVEKONKURRANSEN!