Sosiale medium øydeleggar oss

Mange ser på sosiale medium som noko som knyter oss saman, noko som gjer at vi alltid er tilgjengelege for kvarandre. Men er dette eigenleg sant? For rundt ti år sidan kom den verdskjende Steve Jobs med Iphone. Noko som gav oss tilgjenget til heile verda rett i handa på eit blunk. Dette var starten på noko som har gjort oss avhengige. Kva vert konsekvensane av dette?

Før var barn ute og leikte heile dagen. Dei var sosiale på den måten som lærer dei kroppsspråk og korleis å forholda seg til andre, og det skapar eit verkeleg fellesskap. Barn går glipp av viktige lærepengar, vist dei ska gå med hovudet limt til ein skjerm.

I dag går vener på besøk til kvarandre og sitt på kvar sin telefonen eller pc. Vener snakkar saman over nettet, utan å møtast for å vera saman. Spontaniteten av at bestevennen din dukkar opp på døra og du vart med ut og der du no heller er oppteken av at folk så kva du gjorde i helga en heller å nyta det sjølv tek over. Vi opplever ei endring i samfunnet som gjev oss alle høva tidlegare generasjonar ikkje torde å drøyma om eingong.

Forsking viser at mentale problem blant unge er høgare enn nokon gong. Den britiske organisasjonen Royal Society for Public Health publiserte ein rapport, der Instagram kom verst ut tett følgt av Snapchat når det er snakk om psykisk helse blant ungdom. «Begge plattformene er veldig bildefokuserte, og det ser ut til at dei bidreg til kjensle av utilstrekkelegheit og angst hos unge menneske.» seier Shirley Cramer i ei pressemelding. Ungdom skal jo oppleve utforska og læra, ikkje vera sengeliggande med depresjon. Dette er eit resultat av kva sosiale medium gjer med oss. Vi samanliknar liva våra med kvar einaste Hollywood-stjerne ein ser, kvar einaste modell, sjølv når du ikkje eingong har vorte ferdig med grunnskulen! Ingen har det perfekte livet som vert representert på Instagram eller Snapchat.

Vi må byrja å fokusera meir på å leva liva våre i staden for å drøyma om andre sine liv. Det er bra at vi alltid vil førebu oss. Det kan vera kropp, livstil eller vaner, men ikkje samanlikna oss med andre. Vi kan ikkje la sosiale medium hindre oss i å nyte livet slik vi kan. Vi må læra oss å leggja telefonen vekk og nyta augeblinkane utan å ha den trongen til å måtta informera andre om kva du gjer eller der du er.