TESTPILOT: Prosjektleiar og psykologspesialist Linda Helen Flygel Knudsen og klinisk sosionom Liv Marit Kleppe introduserer "Chilled Out" i Helse Bergen. Foto: Øystein Fykse/ Haukeland universitetssjukehus

Unge tester ut angstbehandling på nett

Helse Bergen er i gang med ein pilot for å teste ut om ungdom kan bli kvitt angst gjennom behandling over internett.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Angst er blant dei vanlegaste psykiske lidingane hos barn og unge, men berre eit fåtall får profesjonell hjelp for plagene sine.

– Mange ungdommar får ikkje hjelp i det heile tatt. Lang reiseveg til nærmaste behandlingsstad er ei utfordring i Noreg. Andre opplever det stigmatiserande å skulle gå til behandling. Behandling via nett kan derfor bidra til å auke tilgangen på profesjonell og effektiv hjelp. Truleg vil dei unge oppleve det som meir brukarvennleg òg, seier prosjektleiar og psykologspesialist Linda Helen Flygel Knudsen i Helse Bergen til eigne nettsider.

– God effekt
Programmet «Chilled Out» er utvikla i Australia og er nyleg omsett til norsk. Programmet består av åtte behandlingsmodular som inkluderer tekst, video og oppgåver. Pasientane som deltek får instruksjon om å gå gjennom ein modul i veka. Ein gong i veka ringer også behandlaren til pasienten for å følgje opp behandlinga.

– Vi ser at dei som fullfører har god effekt av denne behandlinga. Dei lærer mykje om angsten sin, om kva som triggar den, og dei får strategiar og kunnskap til å eksponere seg for det som skaper angst. Dei blir friskare, så for desse ser det ut til at behandlinga fungerer, seier Liv Marit Kleppe, klinisk sosionom og ein av behandlarane i prosjektet.

Fleire slutter
Målet er å inkludere 20 ungdommar i studien, men hittil har berre tre fullført. Dei som har fullført programmet er blant dei eldste i målgruppa på 13-16 år.

– Det er litt fleire som avsluttar internettbehandlinga enn ved vanleg behandling på poliklinikk, men pasientar hoppar også av der av ulike grunnar. Men det er nok ikkje fullt så forpliktande å gjennomføre ei økt framfor eigen skjerm som det er å troppe opp på poliklinikken til ein time, seier prosjektleiaren.

Tar halve tida
Erfaringane hittil viser at behandlarane bruker om lag halvparten av tida dei ville brukt på kvar samtale, samanlikna med om pasienten kom på ein poliklinisk samtale. Forskarane har difor trua på at dette blir ein del av framtidas behandlingstilbod. Studien vert avslutta i løpet av året.

Dagens Medisin omtalte nyleg at interbehandlinga eMeistring har fått klarsignal frå Beslutningsforum.

Firedagersformatet for behandling av angstlidelser, en metode som også er utviklet i Bergen, spres nå til utlandet. 

Powered by Labrador CMS