anita melkild, liv holten, linda m

Tek tak for pårørande

23. april startar Surnadal kommune opp pårørande-kurset «Ta tak», som skal gje pårørande til folk som slit med rusavhengigheit og/eller si psykiske helse råd og informasjon.

«Ta tak» er eit gratis kurs over seks kurskveldar, med informasjon og diskusjon. Det er mynta på pårørande til folk som slit med rusmiddelavhengigheit, andre typar avhengigheit eller psykisk helse.

Arrangør er Surnadal kommune, i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret, Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus), NKS Veiledningssenter og Spesialhelsetenesta.

– Når folk slit med desse utfordringane, vert belastninga på dei pårørande stor. Då kan det vere godt å prate med andre og få råd, seier Gunn Bredesen, einingsleiar for Helse og familie i Surnadal kommune.

– Det er nedfelt i lovverket at pårørande innanfor også dette feltet skal ivaretakast, så difor er dette eit viktig kurs, seier psykiatrisk sjukepleiar Anita Melkild.

Tema på kurskveldane er «Meistring og verdigheit», «Tvang og rettigheiter», «Behandling», «Pårørandeorganisasjonar», «Søsken og andre barn i familien» og «Familieperspektivet», og innleiarane vil vere fagpersonar frå Surnadal kommune, Spesialhelsetenesta NKS veiledningssenter og pårørande.

– Litt av målet med kurset er at deltakarane på sikt kan få etablert sjølvhjelpsgrupper, med hjelp frå oss i ein startfase, seier Liv Holten.
 

– Ein trygg og god møteplass

Alle kurskveldane vert haldne på Sommarotunet aktivitetshus, der arrangørane forsikrar om at alle kan føle seg trygge.

– Sommarrotunet ligg sentralt, men skjerma, til. Vi har flotte lokaler, som er tenkt å vere ein trygg og god møteplass, seier aktivitetskontakt Linda M. Øye.

Ho får støtte av Gunn Bredesen:

– Det er viktig for oss å få fram at det sjølvsagt blir slik at det som blir sagt i gruppa under kursa, blir i gruppa.

Bredesen og Øye oppmodar folk som vil høyre meir om kurset til å ta kontakt, og dei to understrekar at og pårørande frå Surnadal sine nabokommunar er hjerteleg velkomne. Påmelding skal og gjerast til Bredesen eller Øye.
 

«Pårørande» - ikkje berre nær slekt

Surnadal Sanitetsforening er og med på laget i samband med det komande kurset. Som opptakt til «Ta tak», har dei arrangert to temakveldar med rus på agendaen; ein i fjor haust og ein oppfølgingskveld i januar i år.

– Vi i sanitetsforeninga er veldig opptekne av ungdommane våre sitt ve og vel. Og når det gjeld «Ta tak» er det viktig at folk hugsar at det er ein sjølve som definerer kven som går under definisjonen «pårørande», seier leiar Britt May Hollås.

– Ja, ein treng ikkje vere i nær slekt med dei som slit for å vere pårørande, her kan det vere snakk om ein kollega, ein ven eller liknande, seier Gunn Bredesen.

– Pårørande i denne samanhengen er i grunn alle som er glad i nokon som slit med avhengigheit, og då tenker eg ikkje nødvendigvis berre på rusavhengigheit, seier Liv Holten.

Surnadal sanitetsforening har ein treårig avtale om fadderskap med NKS veiledningssenter i Stjørdal, som er ein av medarrangørane av «Ta tak»-kurset. Avtalen gjer at representantar derifrå kan ta turen til Surnadal ved ønske og behov.

– Gjennom samarbeidet kan veiledningsenteret tilby pårørande eit lågterskeltilbod, der folk får råd frå ein profesjonell samtalepartnar, seier Hollås.


Mange nyttige hjelpeverktøy

Kursarrangørane håpar så mange som muleg innanfor målgruppa melder seg på kurset, som har påmeldingsfrist 12. april.

– Dei pårørande gjer ein veldig viktig jobb, og gjennom «Ta tak» vil dei få mykje informasjon. Vi tykkjer det er ei godt tilbod, og håpar det vil vere det lettare for folk å søke hjelp, seier Linda M. Øye, og får støtte frå Britt May Hollås:

– Ja, vi håpar folk tek steget og blir med, for det er så viktig med påfyll i kvardagen når ein er tett på nokon som slit med denne typen utfordringar.

Liv Holten peikar på at pårøranderolla har endra seg med tida.

– Det å vere pårørande i dag er annleis enn før. Det finst veldig mange gode hjelpeverktøy, som mange kanskje ikkje kjenner til. Slik sett vil er vi sikre på at «Ta tak» vil vere til stor hjelp for dei pårørande.

ok1 ps.jpg
Kristin Børset (f.v.), Linda M. Øye, Gunn Bredesen, Anita Melkild, Liv Holten og Britt May Hollås håpar mange pårørande melder seg på "Ta tak"-kurset, som startar 23. april.