Hopp til innhold

Etterlyser strakstiltak:– Det hastar, jentene er i fare no!

Anette Trettebergstuen (Ap) forstår ikkje kvifor helseminister Bent Høie (H) ikkje sett i verk nokon tiltak mot det mørke Instagram-nettverket NRK har avdekt.

Anette Trettebergstuen står i ei gate framfor eit vindu.

KREV HANDLING: Anette Trettebergstuen (Ap) meiner helseminister Bent Høie (H) må gjere noko for å hjelpe jentene i det mørke nettverket.

Foto: Mimsy Møller

Trigger-warning-banner

Trettebergstuen synest det var hjarteskjerande å lese om det mørke Instagram-nettverket. Difor synest ho det er merkeleg at Høie ikkje har planar om å sette i verk noko tiltak.

– Det forstår eg overhovudet ikkje, seier stortingspolitikaren.

– Noko må bli gjort med ein gong

Også Heidi, som er mora til Andrine, reagerte kraftig da ho fekk lese at Høie ikkje har planar om noko strakstiltak.

– Min umiddelbare reaksjon var at eg blei skikkeleg sint på han. For han seier jo ingenting, han lover ingenting og han gjer ingenting, seier Heidi.

Heidi ser på veggen som er dedikert til minne for dattera Andrine, som tok sitt eiget liv i 2017.

SINT: Heime hos Heidi har ho ein vegg til minne for Andrine, som tok sitt eiget liv i 2017. Dottera var aktiv på det mørke nettverket heilt inn i si siste time.

Foto: Patrick da Silva Sæther/ NRK / Patrick da Silva Sæther/ NRK

Helseministeren viste i intervjuet med NRK til ein handlingsplan, og eit utval som skal sjå på «korleis barn kan bli verna mot skadeleg medieinnhald». Denne planen skal vere ferdig sommaren 2020. Det meiner Trettebergstuen er for seint.

– Ein handlingsplan er bra og eit arbeid me støttar, men desse jentene er i fare no. Da må me også gjere noko no. Helseministeren må umiddelbart sørge for at nokon gjer ein jobb for kontakte desse jentene i nettverket for å gi dei hjelp, seier Trettebergstuen.

I ein ny samtale med NRK er Høie no open for moglege tiltak.

– Viss det er strakstiltak som går direkte på dette nettverket, som er godt fagleg vurdert, så er me alltid opne for det, fortel helseministeren.

Ap-politikaren meiner også at det er nødvendig med langsiktige tiltak.

– Me må jobbe meir langsiktig med digital ungdomshelse. Helsesjukepleiarar må vere meir til stades på dei arenaene ungdommane brukar, barnevernet må få meir ressursar og ikkje minst må me få styrka psykiatritilbodet stort. (Me må også sette i verk tiltak i alle kommunar, så me kan fange opp barn og unge før psykiske problem utviklar seg og fører til fatale konsekvensar.)

– Himmel og jord hadde vore i beveging om dei hadde skada andre

Heidi har liten tru på at handlingsplanar skal hjelpe jentene i nettverket.

– Det hjelper ikkje berre med nye handlingsplanar. Ein plan gjer ingenting. Dei må gjere noko konkret, fortel Heidi engasjert.

Heidi står og kikkar inn i kameraet.

LITEN TRU: Heidi har ikkje tru på handlingsplanar. Ho vil ha konkrete tiltak.

Foto: Tonje Hareland / NRK

Trettebergstuen trur at mykje hadde vore annleis dersom jentene hadde skada andre enn seg sjølv.

– Hadde det vore eit ungdomsnettverk som angreip og mishandla andre så ville me sett himmel og jord i beveging for å stoppe det. Det skjer derimot ikkje når mishandlinga går utover dei sjølv. Når 15 jenter har døydd etter å ha teke sitt eiget liv, så synest eg reaksjonane er alt for små, seier Trettebergstuen.

Heidi meiner mykje må bli gjort for å kunne hjelpe jentene som slit.

– Det må ei systemendring til. Desse ungdommane treng å få betre hjelp enn dei gjer i dag. Dei snakkar om satsing på barn og unge i psykiatrien, men psykiatrien blir bygd ned, og det er heilt skrekkeleg, for det er så mange som treng hjelp.

Helseminister Bent Høie

OPEN FOR TILTAK: Helseminister Bent Høie (H) er open for strakstiltak om det er godt fagleg vurdert.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Helseministeren er ikkje einig i at psykiatrien blir bygd ned.

– Me bygger ikkje ned, tvert i mot, me bygger opp. Det er heller ikkje slik at me ventar på handlingsplanen. Forbetringa til barn og unge i psykisk helse og i barnevernet går føre seg akkurat no, seier Høie.

Har du behov for å snakke med noen etter å ha lest denne saken?

  • Kirkens SOS hjelpetelefon: 22 40 00 40
  • Mental helses hjelpetelefon: 116 123
  • Chattetjeneste fra Kirkens SOS: soschat.no