Den grusomme hendinga på Vår Frelsers gravlund der ei kvinne miste livet, gjer noko med oss alle. Me tenkjer på dei som måtte oppleve å miste sin nærmaste på ein så totalt meiningslaus og vond måte. Ein skulle verkeleg ynskje at dei etterlatte i tillegg skulle sleppe å måtte forholde seg til offentlege diskusjonar om kva som eventuelt svikta i forkant av tragedien.

Ein skulle kunne forvente at Helsetilsynet av egen kraft gjekk inn i dette, slik at involverte instansar kunne lære kva som svikta. Nå ser ut til at Helsetilsynet vil halde seg vekke, og at det helseforetaket - Helse Fonna - som hadde behandlingsansvar for pasienten/gjerningsmannen, er i gong med å fordele ansvar på eiga hand, jfr uttalelse til HA 22.11. v/ klinikkdirektør Kenneth Eikeset.

Det var akkurat slik ein skulle ynskje det ikkje blei, altså ein offentleg diskusjon om ansvar/ansvarsfråskriving.
Både Helsetilsynet og Helse Fonna er underlagt norsk lov, i dette tilfellet først og fremst Helsepersonell-lova og Spesialisthelsetjeneste-lova.

Bare Helsetilsynet har makt til å gå inn i saka og sjå om lovene er fulgt i denne vonde saka. Det er med andre ord bare Helsetilsynet som kan konkludere med om denne saka handler om lovbrudd, eller om det handler om mangelfull/uklar lovgiving.

Eg ser at også HA-redaktør Einar Tho etterlyser Helsetilsynet her.

Vi er mange som strever med å forstå kva vi skal med eit offentleg tilsyn av helsetjenestene, om dette tilsynet ikkje skal sjå korleis forløpet var i denne hendinga, og på den måten kunne gi bidrag til lærdom.

Ikkje minst ville ein forvente at dette blei gjort av hensyn til verdighet og anstendighet i forhold til dei som miste sin aller nærmaste i denne grufulle og meiningslause hendinga.