Sunniva (16) skreiv brev til ordføraren om psykisk helse – vann skrivekonkurranse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 26.11.2019 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette var veldig stas! Eg hadde ikkje forventa det, seier Sunniva Helene Dahlstrøm på telefon til Framtida.no.

– Eg er veldig glad i å skriva, og likar å formulera ein bodskap utan å bli avbrote. Det er kjekt leika meg med ord og formuleringar, seier førsteklassingen ved Greåker videregående skole i Sarpsborg.

Les vinnarteksten til Sunniva Helene Dahlstrøm her!

Tabuet kring psykisk helse

I skrivekonkurransen kunne deltakarane velja mellom to oppgåver: å skriva eit brev til ordføraren om eit tema som opptar dei, eller å skriva om «å gi tid».

«Å gi tid» er temaet for Verdsdagen for psykisk helse i år. Sunniva Helene Dahlstrøm har kombinert desse to oppgåvene og skrive brev til ordføraren i Sarpsborg om psykisk helse.

– Eg føler psykisk helse ofte blir framstilt som tabubelagt, seier ho til Framtida.no.

Psykisk helse har vore oppe nokre gonger som tema på skulen hennar, og elevane har fått beskjed om kvar ein kan finna hjelp viss ein treng det, men Dahlstrøm meiner det ikkje er nok:

– Me må ha meir om psykisk helse på timeplanen, slår ho fast.

Håpar skulen kan hjelpa fleire

I vinnarbidraget skriv Sunniva Helene Dahlstrøm:

«Norske elevar må læra frå tidleg alder korleis ein skal koma gjennom vanskelege periodar, og korleis ein kan hjelpa kvarandre, før det er for seint. Generasjon prestasjon treng hjelp.»

Til neste år får alle skulane i Noreg nye læreplanar. Då blir livsmeistring eit tverrfagleg tema. I læreplanen for samfunnsfag er ikkje psykisk helse nemnt spesielt. Men det står at elevane skal kunne «reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar».

– Det er fint at dette temaet kjem inn i skulen, så lenge me kan få presentert måtar og løysingar for å meistra livet både på skulen og i fritida. Det er heilt normalt å ikkje meistra livet, men ein kan finna måtar å gjera det på, understrekar 16-åringen.

Sjølv går ho på science-linja ved Greåker vidaregåande skole, og vurderer å studera medisin i framtida, slik at ho kan hjelpa fleire menneske.

– Eg kan òg tenkja meg å bli skodespelar, eller jobba i media som programleiar. Eg har heldigvis enno tid til å finna ut kva eg skal gjera.

Juryen: – Avslører god innsikt

Juryen skriv dette om vinnarbidraget til Sunniva Helene Dahlstrøm:

Sunniva Helene Dahlstrøm har valt det som kanskje er den mest utfordrande oppgåva, og løyste denne på ein ypparleg måte. Ho skriv engasjerande om ein aktuell tematikk. Sjølv om mykje er sagt om psykisk helse evnar ho å koma med ny innsikt. Me er særleg imponerte over korleis ho argumenterer godt og dreg inn relevant forsking for å underbygga meiningane sine. Ho avslører også god innsikt i kva ein ordførar er og gjer. I tillegg til eit godt språk har ho ein god disposisjon, der ho avsluttar med eit tydeleg og viktig poeng.

LES OGSÅ: Er det for mykje press på VGS-elevar

Bakgrunnsfoto: Pixabay. Illustrasjonar: L-innsikt. Portrettfoto: Privat.