Mange føler seg åleine, einsame og forlatne | Lars Ramsli Søyland

  • Lars Ramsli Søyland (16).
Lars Ramsli Søyland (16), lokallagsleder i Gjesdal KrFU, oppfordrer oss til å ta kontakt med dem som ikke har så mange å snakke med om dagen.

Tiltaka mot koronaviruset har senka smitte-toppane, men dei har gått på kostnad av sårbare menneske.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Dei siste dagane i forkant av påsken møtte mange nordmenn seg sjølv i døra. Det største problemet i verda vart plutseleg at dei ikkje fekk dra på hytta.

Men faktum er at medan nokon var sinte for at dei ikkje fekk dra på hytta, var det andre som følte seg åleine, einsame og
forlatne.

Har minimal kontakt

Ein av fire nordmenn slit psykisk i koronakvardagen. Dette er for mange, og eg lurer på kva tiltak har regjeringa gjort for desse?

Eg og du sit heime dag inn og dag ut. Eg skal vera ærleg og seia at eg har minimal kontakt med langt ifrå så mange som eg hadde før skulen vart stengd.

Lars Ramsli Søyland (16). Lokallagsleiar i Gjesdal KrFU.

Det er viktig å passe på at dei som var avhengige av skule og fritidsaktivitetar som nokre små pusterom i kvardagen, ikkje blir kvelt i løpet av denne unntakssituasjonen.

Dei siste vekene har mange meint mykje om mangt, men svært få snakkar om kva konsekvensar regjeringa har for mental helse, det bekymrar meg.

Ein SMS kan redde

Sjølv om me no ser at regjeringa er i ferd med å mjukna opp tiltaka – må me finna løysingar på korleis ein skal skjerma sårbare menneske så godt som overhovud mogleg. For utan å investere i psykisk helse kan mange ha ei tung tid føre seg.

Eg håper at politikarar, både lokalt og nasjonalt, tar ansvar og kjem opp med gode løysingar på korleis me kan få det lettare i tida framover.

I tillegg vil eg oppmoda alle til å tenka over kven som kanskje ikkje får så mange snappar, meldingar eller telefonar. Kjenner du nokon du trur slit, eller du trur er einsam, send ei melding eller ta ein rask telefonsamtale.

Det krev så lite av deg, men gjer så godt for mottakaren. Ein SMS kan ikkje redde verda, men den kan redde nokon si verd.


Har du fått med deg disse sakene?

Les også

Hva skjer når livet flyttes hjem?

Les også

Vi snakker mer enn noen gang, men lytter vi? | Aksel Nordli

Les også

Verden rundt har ungdom byttet ut studier og fester med kampen mot smitte og død


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.