Annonse

Unge kjenner seg meir einsame under koronakrisa

45 prosent av unge mellom 16 og 24 år kjenner seg meir einsame på grunn av koronaviruset, ifølgje ei undersøking Opinion har gjort for Røde Kors.

– Desse tala er høge og eit varsku til både oss og norske styresmakter. Dette er eit tydeleg signal om at mange slit. At så mange opplever einsemd, må vi ta på alvor, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors.

I undersøkinga, som er svara på av 4.000 respondentar, svarar 45 prosent av respondentane i aldersgruppa 16 til 24 år at dei kjenner seg meir einsame på grunn av koronavirusutbrotet. Talet er dobbelt så høgt som gjennomsnittet for heile det norske folket over 40 år.

I undersøkinga kjem det vidare fram at éin av fire under 25 år slit psykisk, og fire av ti seier å vere i dårlegare fysisk form no enn før virusutbrotet.

(©NPK)

Nærare halvparten av unge mellom 16 og 24 år kjenner seg meir einsame etter at koronapandemien inntrefte. Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB scanpix

Annonse
Annonse