Annonse

Store variasjonar i tilbodet til psykiatriske pasientar

Det er store geografiske skilnader i helsehjelpa til pasientar med psykiske lidingar og ruslidingar, viser ei kartlegging Helsedepartementet har bestilt.

Eldre får dessutan i mindre grad hjelp for slike sjukdommar enn yngre, viser kartlegginga som Helse nord og Helse vest har gjennomført på oppdrag frå Helsedepartementet.

Folk i Oslo bruker poliklinikk klart mest, medan folk i Nord-Noreg og delar av Vestlandet bruker det minst.

– Det ser ikkje ut til at mindre bruk av poliklinikk blir kompensert for gjennom meir døgnbehandling i institusjon, opplyser departementet.

Oversikta viser bruken til innbyggjarane av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling og geografiske variasjonar i dette.

For ruspasientar var det ikkje like stor variasjon i døgnbehandling, medan for pasientar med alvorlege psykiske lidingar var det stor variasjon her, særleg for eldre både når det gjeld poliklinisk behandling og døgnbehandling.

For barn og unge varierte bruken av poliklinikk lite mellom ulike delar av landet.

Kartlegginga gir nyttig kunnskap om bruken av slike helsetenester, meiner helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

– Denne kunnskapen må leiarar og fagfolk bruke til å vurdere tenestene sine opp mot andre og til å lære av kvarandre. Det vil gjere kvaliteten på tilbodet til pasientar med psykiske lidingar og ruslidingar betre og meir likeverdig, seier han.

(©NPK)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) er glad for kartlegginga av helsehjelp til pasientar med psykiske problem og rusproblem.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Annonse
Annonse