Hopp til innhold

Her hjelper hestar sårbare barn og unge

SANDE (NRK): Ved hjelp av dyr kan menneske med ulike utfordringar få ein betre kvardag. No vil regjeringa satse meir på firbeinte for å hjelpe sårbare grupper i samfunnet.

På Hestegarden i Sunnfjord vert dyr brukt i samband med helseframjande arbeid.

BRUKER DYRA: PÅ Hestegarden i Sunnfjord vert hestar brukt i samband med helsefremjande arbeid. No ønskjer fleire å bruke dyreassisterte intervensjonar. Bilete er syner ein tidlegare deltakar ved garden.

Foto: Hestegarden

Dyreassisterte intervensjonar der ein brukar dyr i samband med helsefremjande arbeid har vorte meir vanleg dei siste åra.

Ein av aktørane med eit slikt tilbod er Linda Rognø. Ho driv Hestegarden som ligg idyllisk og skjerma til i nærleiken av Sande i Sunnfjord kommune.

– Tilbodet har vorte meir kjent og fleire ønskjer å bruke desse tenestene, seier ho.

Firbeinte hjelparar

– Hestegarden er ein godkjent «inn på tunet» gard. Det betyr at vi tilbyr tilrettelagde tenester til ulike brukarar eller brukargrupper med ulike utfordringar, seier ho.

I Noreg er det om lag 400 godkjente «Inn på tunet» gardar. Dei vert kvalitetssikra og godkjent av stiftinga Matmerk, seier Rognø.

Linda Rognø driv Hestegarden i Sunnfjord.

DRAUM: – Eg hadde eit brennande ønskje om å kombinere det dyra kan gjere for menneske saman med kunnskapen eg hadde om folk med ulike utfordringar, seier Linda Rognø. Ho har jobba i ti år innan rus- og psykiatrifeltet ved Bergensklinikkene.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Vi brukar alle ressursane som er på og ved garden for å skape eit heilskapleg tilbod som er tilpassa kvar enkelt brukar. Dyra er veldig sentrale i dette tilbodet.

Rognø har drive Hestegarden i nesten 11 år. På den tida har ho blant anna hatt tilbod for menneske med ulike psykiske utfordringar. For fleire har dyra vore eit viktig reiskap for å bli betre.

– Menneske utsett for overgrep har gjerne utfordringar knytt til grensesetting, tillitsproblem og problem med fysisk kontakt. Då bruker vi dyra konkret for å hjelpe dei med desse utfordringane.

– Ikkje nok midlar

Regjeringa ønskjer også å satse meir på tilbodet. I opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse skriv dei mellom anna at dei vil arbeide aktivt for å vidareutvikle tilbodet «inn på tunet».

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har sjølv påpeika kor viktig slike tilbod kan vere for barn og unge med ulike utfordringar.

I ei pressemelding skriv ho mellom anna at:

– Garden med alle dens aktivitetar og praktiske oppgåver kan gi auka trivsel og tryggleik og auka motivasjon for læring og deltaking. Eg er difor veldig oppteken av at kommunar og offentlege instansar ser moglegheitene som finst i Inn på tunet og tar dei i bruk.

Det er det offentlege som kjøper desse tenestene og som finansierer det for brukarane, opplyser Linda Rognø.

Sjølv om interessa er aukande, opplever ho likevel at fleire ikkje får nytta tilbodet.

– Fleire ønskjer å starte opp slike gardar, men mange må legge ned etter eit par år. Det offentlege har ikkje nok pengar til å kjøpe desse tenestene, og det finst ikkje noko budsjett for slike tilbod.

Dagleg leiar for Inn på tunet SA, Hege Lindstrøm, meiner også at dette tilbodet ikkje vert godt nok nytta.

– Eg meiner vi framleis har mykje å gå på når det gjeld å utvikle gode tilbod som kan gi gode dagar for ulike brukarar i heile Noreg. Den sjansen burde vi ta, seier ho.

NRK har vore i kontakt med Landbruks- og matdepartementet, men dei har ikkje hatt høve til å kommentere saka.

Hestegarden i Sunnfjord.

FIRBEINT HJELPAR: – Eg brukar ikkje dyra som eit reiskap, men meir som ein samarbeidspartnar, seier Linda Rognø som driv Hestegarden i Sunnfjord. Bilete er eit arkivfoto frå garden.

Foto: Hestegarden

Helsefremjande

– Eg tenker at vi skal ta i bruk naturen og dyra i mykje større grad i helsefremjande arbeid, seier forskar og veterinær Aurora Brønstad ved Universitetet i Bergen.

Ho opplever at det er stor interesse rundt det å bruke dyr til ulike behandlingar. For snart fire år sidan oppretta ho emnet dyreassistert terapi og assistanse som eit valfag på medisinstudiet ved universitet.

Aurora Brønstad

STOR INTERESSE: – Dyreassistert intervensjonar vekker mykje interesse og begeistring, seier forskar og veterinær Aurora Brønstad ved Universitetet i Bergen.

Foto: Anne Sidsel Herdlevær / Anne Sidsel Herdlevær

Her lærer medisinstudentar og folk i andre helseprofesjonar korleis dei kan nytte dyra for å betre folks helse. Samstundes lærer dei også om dyrs velferd.

– Eg synest at fleire som jobbar innan helse skal tileigne seg kunnskap om dei moglegheitene som dyr kan bidra med til menneske. Kanskje det kan erstatte anna type behandling, som blant anna bruk av medikament.

Ho seier bruk av medikament kan gi biverknadar, og ho meiner difor at behandling ved bruk av dyr kan vere meir helsefremjande.

Hestegarden i Sunnfjord

HESTEGARDEN: På Hestegarden i Sunnfjord brukar dei ressursane på og ved garden for å hjelpe menneske med ulike utfordringar.

Foto: Hestegarden