Det er positivt at regjeringa set førebygging av sjølvmord på dagsorden. Før helga vart det lansert ein ny handlingsplan, med ei rekkje ulike tiltak. Personar som er i faresona skal få raskare hjelp, og etterlatne etter sjølvmord skal få betre og meir langvarig oppfølging. Alle sjølvmord skal kartleggast, slik at samfunnet kan få meir kunnskap, og tiltaka kan justerast og tilpassast ulike behov.

Gjennom artikkelserien "Dødelig mørke" har Sunnmørsposten sett søkelys på behovet for førebygging av sjølvmord, frå mange ulike vinklar. Meir enn ein gong dagleg rykker politiet i Møre og Romsdal ut på oppdrag som er relatert til sjølvmord. Mange kommunar manglar psykologar, fordi det er vanskeleg å få søkjarar til stillingane. Sjølvskading er eit aukande problem mellom unge, og mange får ikkje den behandlinga dei treng. Arbeidet med å førebyggje sjølvmord er ikkje avgrensa til helsesektoren, men grip inn i alle område av samfunnet.

Vi tolkar nullvisjonen om sjølvmord som eit signal om at det er vilje til å bruke ressursar på å finne løysingar. Når menneske ikkje vil leve, er det eit samfunnsproblem, og ikkje berre ein privat tragedie. Det er altfor mange som strevar med sine vanskar åleine, anten det handlar om psykisk helse eller økonomiske bekymringar.

Openheit og kunnskap er avgjerande viktig. Simon Molvær Grimstad har i si masteroppgåve peika på at sjølvmordsførebygging er fråverande i sosionomutdanninga, og at kunnskap om sjølvmordsfare ikkje er nemnt i dei nasjonale retningslinene for helse- og sosialfagutdanningane. Det bør snarast rettast opp. Førebygging av sjølvmord må inn i læreplanane til alle relevante yrkesutdanningar.

I trafikksikringsarbeidet har nullvisjonen ført til at det er blitt jobba systematisk over fleire år med å redusere tala på drepne og hardt skadde i trafikken. Statistikk viser at utviklinga går rett veg. Ulykkestala er blitt reduserte, sjølv om det framleis er langt igjen til nullen. Visjonen gir likevel ei klar retning, slik at ulike etatar og organisasjonar kan jobbe saman mot eit felles mål. Håpet er at nullvisjonen mot sjølvmord kan gi same effekt. Handlingsplanen, som inneheld seks overordna mål er ein god start. Det avgjerande er at tiltaka blir gjennomført i praksis, slik at fleire kan få hjelp til å leve.