Hopp til innhold

Elevorganisasjonen slår alarm om mental helse etter skulestenging: – No treng dei oppfølging

Elevorganisasjonen er uroa for den mentale helsa blant ungdom etter at vidaregåande skular igjen må ha heimeskule. – Mange elevar sit igjen med merker frå heimeskulen i vår, seier lokallagsleiar.

SARPSBORG, NORGE 20200326. Jenny som studerer ved NTNU i Trondheim, har hjemmeundervisning med videooverføring via Mac

HEIMESKULE: Både Viken og Vestland fylkeskommunar har varsla at det no blir heimeskule for alle elevar i den vidaregåande skulen.

Foto: Berit Roald / NTB

Laurdag innfører Bergen og sju omegnskommunar strengare tiltak for å slå ned koronasmitta.

Vestland fylkeskommune følger etter Viken og innfører krav om heimeskule etter at vidaregåande skular no er på raudt nivå.

Elevorganisasjonen er uroa for kva dette vil gjere med den psykiske helsa til ungdommane.

– Det er veldig mange elevar som har kjent på einsemd og som framleis sit igjen med merka etter heimeskulen i vår, seier lokallagsleiar Signe Margareta Krüger Birks i Elevorganisasjonen i Vestland.

Ho legg til at mange unge sit med ulike problemstillingar som dei kanskje ikkje klarer å nå ut med sjølv.

Signe Margareta Krüger Birks

UROA: Signe Margareta Krüger Birks i Elevorganisasjonen Vestland seier det er viktig at unge som slit no blir fanga opp.

Foto: Silje Brunstad Paulsen

Strengaste tiltak sidan i vår

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har varsla at byrådet i Bergen no vil innføre dei strengaste koronatiltaka sidan nedstenginga i mars.

Den siste veka har smittetala i Bergen vore høge og med fleire lokale utbrot i kommunane rundt.

– Vi har eit stort utbrot i vår region og i vår by. Det krev endå sterkare tiltak, sa Valhammer under pressekonferansen torsdag.

Frå laurdag blir det påbod om heimekontor og maks fem personar i heimen når ein har besøk.

Mens barne- og ungdomsskular får drive vidare, blir det krav om digital undervisning på høgskular og universitet.

Elevorganisasjonen meiner det er viktig at både lærarar og skulehelsetenesta får ressursar til å følge opp ungdommar som no vil bli sittande aleine framfor laptopen.

– Elevane treng at dei vaksne ser dei og at dei blir følgt opp. Vi håpar også veldig at ein ikkje tar ut sjukepleiarar og tilsette i skulehelsetenesta til å drive med smittesporing, seier Birks.

Høgre etterlyser auka psykisk helsehjelp

Ho får støtte frå Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i Bergen. Han etterlyser også tiltak for å sikre at studentar ved høgskular og universitet får psykisk støtte framover.

– Eg fryktar at ein ytterlegare nedstenging gjer at fleire vil oppleve angst, depresjon og einsemd, og då saknar eg at byrådet også set av middel så dei ikkje blir overlatne til seg sjølv, men får hjelp, seier Hove.

Vil verne om tilboda

Helsebyråd Beate Husa (KrF) i Bergen seier at politikarane kjem til å verne om tilboda til sårbare barn og unge.

– Vi er opptatt av at dei som skal vareta den psykiske helsa blant unge, ikkje skal ha heimekontor. Dette er ein ekstremt utfordrande situasjon for alle aldersgrupper, seier Husa.

Likevel er det er eit samansett bilete. I april skreiv NRK om korleis stille elevar blomstra med heimeundervisning.

Helsebyråden er uroa for den psykiske helsa til folk generelt etter at mange bergensarar no igjen må flytte tilbake på heimekontoret.

– Eg vil oppmoda til å gå ein tur og få litt frisk luft. Det er lov å vere saman ute, sjølv om vêret ikkje er så triveleg akkurat no. Det har utruleg mykje å seie for den psykiske og fysiske helsa, seier Husa.

Beate Husa

TILBODA VIL BESTÅ: Helsebyråd Beate Husa i Bergen seier dei psykiske helsetilboda til unge ikkje vil bli råka, sjølv om byrådet no strammar til for å dempe smitten.

Foto: Synnøve Horvei / NRK