Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsprosjektet Líf laga har sidan 2016 arbeidd for å inkludere mindreårige asylsøkarar, utnytte overskotsfrukt, skape møteplassar og legge til rette for samarbeid mellom frivlligheita og lokalsamfunnet i Groruddalen.

Ein del av prosjektet er sal av eplemost frå epler ungdomane har hausta, og sjølv etikettane vert brukte for det det er verd.

I 2019 hadde dronning Sonja illustrert ein av etikettane, i år er det barnebarnet Maud Angelica Behn som har vore kunstnaren i familien.

Etikett-kunst

Kvart år illustrerer tolv norske kunstnarar, fotografar og illustratørar kvar sin eplemost-etikett til Kunstkassa Tolv. Måndag vart årets bidrag lanserte.

Overskotet skal i år gå til Mental Helse Ungdom, etter ynskje frå ungdommane som bidreg i Líf Laga.

Dette er også ein av grunnane til at Maud Angelica Behn (17) er med som bidragsytar i år.

Ho gjorde sterkt inntrykk på heile landet då ho heldt sin sterke tale i gravferda til faren Ari Behn i januar i år, og har fått mykje ros for måten ho løfta psykisk helse og sjølvmordsførebygging på. I oktober vart ho kåra til «Årets modigste kvinne» under Tara-weekend på Geilo.

Kunst og samfunnsengasjement

Prinsesse Märtha Louise dukka fleire gonger opp i kommentarfeltet under direktesendinga. Foto: Skjermdump

Med kunstprosjektet “TOLV” ynskjer organisasjonen Líf Laga å vise kombinasjonen av kunst og samfunnsengasjement hos ungdom.

Grunnleggar Åsmund Gylde, fortel at ja-et frå Behn har vore svært inspirerande, og eit slags fundament for heile prosjektet i år.

– Fordi du er deg, fordi etiketten vart så sabla bra, og fordi du er med å gjere dette veldig synleg ved at du har tona flagg på å tørre å snakke om ting, sa han frå scena under lanseringa.

Grunnleggjar av Líf Laga, Åsmund Gylder, under den koronavenlege lanseringa av prosjektet «Kunstkassa tolv», måndag. Foto: Skjermdump frå direktesendinga

Epler og hage

Dette er etiketten Maud Angelica Behn har illustrert. Foto: Lif Laga

– Det var viktig for meg å vere med å få gjera alt eg kan innanfor mental helse, og så var det veldig gøy å jobba med, sa Behn då hennar etikett skulle presenterast.

Ho fortalde at ho har brukt lang tid på kunstverket, som er i ein litt annan stil enn ho plar teikne i.

– Eg vart veldig nøgd til slutt og likar godt bilete på hovudet som eins eigen hage.

Ho fortalde også at ho synest kunst er ein fin måte å få inn noko politisk, og at ein kan fortelje veldig mykje på ulikt vis gjennom kunsten.

– Kunne ikkje kome på eit betre tidspunkt

Det har vore ekstra mykje fokus på mental helse i år i samband med koronarestriksjonane, og helsesista Tale Maria Krohn Engvik har vore ein av dei som har ropt høgast om dette.

Også ho var med under lanseringa av prosjektet, og snakka om nettopp dette:

– Eg skjønner ikkje at ein kan ha eit så utruleg bra helsevesen for dei som er fysisk eller somatisk sjuke, men dersom ein er alvorleg sjuk i tankane sine, så får ein ikkje den same hjelpa, støtta og oppfølginga frå det offentlege. Sånn vil me ikkje ha det lenger.

Tale Maria Krohn Engvik, kjent som Helsesista. Arkivfoto: Ingvild Eide Leirfall

Ho meiner kunst og musikk kan vere med å fortelje bodskapen.

Line Toft i Mental Helse Ungdom var også med under lanseringa, og fortalde kor takksame dei er for å få overskotet frå årets prosjekt.

– Pengane kjem sjølvsagt veldig godt med. Det er ein grunn til at me sit og skrik til politikarane om at krisepakkane også må gå til psykisk helse blant unge. Det er avgjerande at me får litt støtte på vegen, og dette kunne ikkje kome på eit betre tidspunkt for å seie det rett ut. Tusen takk til alle.

Store kunstnarnamn

Fleire av bidraga i år handla også om klima og miljø, som også vart snakka om i paneldebatten.

– Naturen hjelper mykje med angst og depresjon, og klemmar gir oksytocin. Ein kan klemme trer no i koronatida, så då slår ein to fluger i eitt smekk! Me må ta vare på naturen vår, det er heimen vår, sa Maud Angelica Behn.

Bidraga i årets Kunstkassa. Foto: Líf Laga

Dei andre bidragsytarane til etikettane i år er:

  • Tor Åge Bringsværd og Thore Hansen
  • Lars «PayTwo» Undli
  • Marianne Heske
  • Lise Myhre
  • Isah og Ümit Sebastian Stenseth
  • Anne-Marthe Sæves
  • Alexsandra Pacchiella
  • Christoper Nielsen
  • Bendik Kaltenborn og Iselin Shumba
  • Mathias «MA$ARATI​» Nordby
  • Magne Furuholmen

Les også: Mental Helse Ungdom om koronakrisa: – Verste konsekvensen er at folk ikkje orkar å leve

F.v. Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom (Foto: privat).