NRK VESTLAND: I 2017 blei lova om psykisk helsevern endra slik at pasientar med såkalla samtykkekompetanse skal få større moglegheit til å seie nei til behandling. Målet var å få ned tvangsbruken, men justeringa har vore omstridd, og fleire ekspertar har spådd at lovendringa allereie har kosta menneskeliv.

Ein av etatane som verkeleg har fått merke lovendringa, er politiet.

– Vi har personar vi gjerne handterer hundre gongar i løpet av eit kalenderår, fortel Helge Stave til NRK Vestland, og dokumenterer med det ein stor «gjengangarproblematikk».

Stave er leiar for Felles eining for etterforsking og etterretning i Vest politidistrikt. Han seier dei ser ei dobling i talet psykiatrioppdrag frå 2017 og fram til i år.

Nyleg tok politiets øvste lokale leiar i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen opp problematikken, og han tok til orde for at noko må endrast.

– Bør ein sjå på lova på ny?

– Vi må i alle fall starte med å sjå veldig grundig på endringane og på praktiseringa rundt regelverket. Det er vår rolle å ta opp debatten når vi ser desse endringane, seier Stave til NRK.

Les også

«Dette er ingenting å skrive om. Det er psykiatri»