Annonse

Søstera fortel om mannen som skal ha vorte halden isolert i Sverige

Mannen som skal ha levd isolert i ei leilegheit i Sverige, var ikkje innelåst, ifølgje søstera. Han var visstnok psykisk nedbroten og kontrollert av mora.

Det blir venta at påtalemakta onsdag vil avgjere om mora (70) skal krevjast varetektsfengsla. Ho nektar straffskuld. Sonen, som no er 41 år, vart funnen svært medteken i ei leilegheit i Haninge, sør for Stockholm, søndag kveld.

Det var søstera som fann mannen i leilegheita, svært medteken, tannlaus og med dårleg språk. Han skal ha levd isolert i 28 år. No fortel ho at ho har prøvd å slå alarm om situasjonen i fleire år.

– Ingen har trudd på meg. Ingen, seier ho til Dagens Nyheter.

– Byrja då vi var små

Situasjonen har utvikla seg gjennom lang tid.

– Dette har ikkje skjedd på éin dag, det byrja då vi var små barn, seier ho til Expressen.

Mannen vart teken ut av skulen tidleg på ungdomstrinnet. Sidan då skal han ha levd bortimot isolert frå samfunnet. Søstera seier han ikkje var fysisk innelåst, noko som også blir stadfesta av fleire naboar som avisa har snakka med.

– Men han var så mentalt nedbroten at han ikkje har noka forankring til samfunnet utanfor, seier søstera, som hevdar mora styrte han «som ein sektleiar».

– Var alltid beskjeden

– Eg hugsar han godt, det var verkeleg noko spesielt med han. Ein gut eg verna mykje. Han var alltid så beskjeden, og aldri til bry. Han berre var der, seier ein tidlegare lærar til Aftonbladet.

Men allereie den gongen reagerte læraren på at ikkje alt stod bra til.

– Eg hugsar spesielt heimkunnskapen, då vi laga mat. Han var alltid så svolten. Til slutt spurde eg han når han sist fekk mat, og då svarte han «i går, til frukost», seier læraren.

I tillegg skal guten ha vore skitten og lukta ille. Læraren innkalla alle dei ansvarlege til eit møte, der vedkommande uttrykte bekymringa si. Læraren fekk inntrykk av at skulen tok det på alvor.

– Eg trudde verkeleg det hadde gått bra med han, seier læraren.

Vedkommande hugsar òg mora.

– Ho vart ikkje oppfatta som særleg stabil.

(©NPK)

Teknikarane til politiet undersøkjer ei leilegheit utanfor Haninge, der ein mann skal ha vorte halden isolert i 28 år.
Foto: Claudio Bresciani / TT / NTB

Annonse
Annonse