Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Sørøst-Norge - les mer.

Omsorg, kjærleik, at andre set pris på deg og at du sjølv kan bidra i andre sine liv. Tiltak for sosial støtte i lokalsamfunn kan styrke psykisk helse.

Sosial støtte og fellesskap er viktigare enn nokon gong

Norske forskarar har studert korleis psykisk helsearbeid kan motverke einsemd.

Einsemd og andre utfordringar knytt til psykisk helse blir vurdert som nokon av dei mest krevjande folkehelseproblema i åra som kjem. Forskarar ved Senter for psykisk helse og rus på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) foreslår ei styrka satsing på sosial støtte i lokalsamfunna.

– Tilboda til dei som slit med utfordringar knytt til psykisk helse må bli betre. Eg er òg bekymra for at mange ikkje har tilgang på dei tenestane som finst, seier Knut Ivar Bjørlykhaug. Han er stipendiat ved senteret og tek doktorgrad på tema sosial støtte og psykiske helsetenester.

Han legg til at pandemien skaper meir einsemd. Arbeidet med sosial støtte i lokalsamfunna er enno viktigare no.

God sosial støtte inneber at du får kjærleik og omsorg, blir akta og verdset. Du tilhøyrar eit sosialt nettverk og eit fellesskap med gjensidige forpliktingar, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Det motsette av god sosial støtte er varig einsemd.

– Folk treng å snakke med kvarandre andlet til andlet og kjenne på samhald, seier Knut Ivar Bjørlykhaug, som er i gang med doktorgrad innan sosialt arbeid og folkehelse.

Psykisk helse kan bli sterkare

I ein vitskapeleg artikkel i tidskriftet Journal of Recovery in Mental Health, argumenterer forskarane for korleis me kan lukkast betre med det psykiske helsearbeidet.

Dei framhevar særleg verdien av god tilgang til stabile sosiale møtepunkt og sosial rytme – altså eit sunt søvnmønster og eit rammeverk for omgang med andre medmenneske.

Fleire tidlegare studiar peiker på at redusert sosial støtte er negativt for psykiske helse. Men òg omvendt: Sosial støtte er avgjerande for god psykisk helse og betring.

Perspektiv frå feltet

Forskarane ville lære meir om sosial støtte sett frå perspektiva til menneske som har erfaringar frå psykisk helsefeltet.

Difor er den nyaste forskinga her basert på intervju med til saman 31 tenestebrukarar, frivillige og tilsette innan psykisk helsevern frå tre distrikt i Oslo.

Intervjua blei utførte i fokusgrupper, som er gruppeintervju der fleire informantar diskuterer eitt eller fleire emne.

Spørsmåla som blei stilt har han jobba fram saman med fem andre som anten nytter psykisk helsevern eller har utfordringar med psykiske helseproblem over tid.

Bjørlykhaug har sjølv erfaringar med psykisk uhelse. Han skriv om sitt eiga indre mørkre i den aktuelle boka Det går til Helvete. Eller? Forskaren har òg fortalt ope om sjølvmordstankar hjå NRK Ytring.

Stabile møteplassar i lokalmiljøet

I intervjua er deltakarane tydelege på at det finst mange lag av sosial støtte. Og at dette er det viktigaste: Å lukkast med god sosial støtte er å sjå til at menneske som slit har stabile møtepunkt i sine nærmiljø.

– Dei meiner at kvaliteten på sosial støtte aukar viss lokalsamfunna klarer å tilby stabile møteplassar, med rom for mangfald og kor brukaranes eigne erfaringar kan komme fram, seier Bjørlykhaug.

Helsefagarbeidarane som deltok i intervjua hadde erfaring med sosiale møteplassar. Dei understreka at det er viktig å halde terskelen låg – både når det gjeld kva aktivitetar som blir tilbodne og dei andre sosiale aspekta.

Utdrag frå eit av fokusgruppeintervjua med tilsette: (…)nokon vil gå tur med oss, nokon vil gjera handarbeid, men dei kjem hovudsakleg for den sosiale interaksjonen. Ein av brukarane seier ikkje så mykje og sit ofte berre i stova, og eg spurde han kvifor han sit der, og han svarte: «For å kjenna på det sosiale livet» Men han snakkar ikkje med nokon(…)

Sosial rytme og ritual

Forskarane peiker på at møteplassane er viktige når det gjeld å skipe stabile relasjonar, fordi dei legg til rette for betre sosial rytme og meiningsfulle aktivitetar for brukarane.

– God og regelmessig sosial rytme er for dei fleste viktig for å oppnå god livskvalitet. Fleire av deltakarane fortalde korleis psykososiale stressfaktorar kan bidra til at dei fell ut av rytmen sin, særleg ved at dei droppar sosial aktivitet eller at møteplassar ikkje er tilgjengelege, fortel Bjørlykhaug.

Alle deltakarane kunne fortelje kor viktig sosial rytme er når ein kjenner at ein mistar grepet:

– Når du opplever alvorlege livskriser og psykiske helseutfordringar kjem du fort ut av kvardagsrytmen. Då kan nokre aktivitetar fungera som heilande ritual, fordi dei aukar opplevinga av den kjenslemessige og praktiske støtta du både kan få og gi, fortel Bjørlykhaug.

Måltid er samlande

Måltid utkrystalliserte seg som eit «heilande ritual» der kjensle av samhald og overgangar i dagane blir tydelegare.

Utdrag frå eit av fokusgruppeintervjua: (…)vi snakkar medan vi et frukost og når vi har lønsj. Og vi snakka om dette med ein ny type som var flyktning, at dette er den viktigaste aktiviteten: å møtast og kjenne på kjensla av samhald. Det verkar som at for mange er dette det viktigaste vi gjer, måltida vi har samen(…)

Pengemangel

I analysen fann forskarane ut at trong personøkonomi sto fram som ein avgjerande barriere for sosial støtte:

– Problem med å behalde jobbstillingar er velkjent frå studiar om utfordringar knytt til psykiske helse. Å miste jobben påverkar openbart økonomien. Pengemangel, og korleis dette påverkar dei sosiale liva våre, var eit sentralt gjennomgangstema i intervjua, fortel Bjørlykhaug.

Mange av diskusjonane dreidde seg om korleis knappleik på kroner skaper einsemd fordi mange av dagens populære, sosiale aktivitetar beint fram kostar for mykje.

Blant dei som jobba i tenestetilbodet var det òg mange suter knytt til budsjettkutt og kva konsekvensar dette kunne få for brukarane.

Audmjuka på SoMe

Diskusjonane peika òg på nye sosiale problem vi står overfor i vår tid, til dømes utfordingar i sosiale medium.

– Den korte avstanden det kan vere frå ein tanke oppstår til eit SoMe-innlegg blir lagt ut, kan lede til beklagelege oppdateringar og kommentarar, noko som igjen kan resultere i audmjuking og vonde kjensler, seier Bjørlykhaug.

Blant tenestebrukarane som blei intervjua var det semje om at sosiale medium kan gje nokre fordelar, men samstundes ofte har ein negativ innverknad på den psykiske helsa deira.

Diagnose-kulturen

Eit anna tema handla om det å få ein diagnose og opplevinga av å bli sett i bås.

– Det synast å vêre mykje stigma rundt alvorlege psykiske helseutfordringar. Kjensler av skam knytt til psykiske helseutfordringar kan framleis stå i vegen for sosial støtte, seier Bjørlykhaug.

Utdrag frå eit av fokusgruppeintervjua: (…)det er ofte som om du blir definert av diagnosen din. Mykje av tida føler eg at eg kan snakke, men ikkje bli lytta til. At eg blir filtrert gjennom diagnosen, på ein måte. Det får meg til å føla meg makteslaus(…)

Eit omgrep som dukka opp ofte og med negativt forteikn var diagnosekulturen, altså korleis vi i stigande grad nytter psykiatriske diagnosar til at forstå menneskelig liding, resignasjon og eksentrisitet.

Å få ein diagnose er for det meste nyttig for å få sosiale fordelar eller passe inn i behandlingsprogram, ifølge tenestebrukarane.

Utfordrande samtid

Så godt som alle deltakarane peikte på at ulike trekk ved dagens samfunn skaper barrierar for sosial støtte. Dei tok opp utfordringar knytte til individualisme, egoisme og innsats for å halde oppe fasadar.

– Vår evne til å støtte kvarandre og vêre merksame på behova til dei rundt oss blir utfordra av det individualistiske, hyperdigitale og konkurranseorienterte samfunnet vi har bygd. Midt i all utvikling og framgang, trur eg vi samstundes øydelegg noko av sjølve samfunnsgrunnlaget: å snakke med kvarandre andlet til andlet og kjenne på nærare samhald, seier Bjørlykhaug.

Utdrag frå eit av fokusgruppeintervjua: (…)For å vera ærleg, alt saman, det er berre ein fasade. Nokon gonger tenker eg at vi er litt heldige at vi er på botnen av den sosiale rangstigen fordi i det minste treng vi ikkje å late som heile tida(…)

– Vi blir nøydde til å ha ein meir sosioøkologisk tilnærming i feltet og politikken. Det betyr å sjå nærare på til dømes omgjevnadar, levekår og politiske tilhøve for å førebygge og løyse desse utfordringane – framfor å fortsetje å legge hovudvekta på hjernestrukturane, seier Bjørlykhaug.

Referansar:

Knut Ivar Bjørlykhaug mfl.: Social support and recovery from mental health problems: a scoping review. Nordic Social Work Research, 2021. Samandrag. Doi.org/10.1080/2156857X.2020.1868553

Knut Ivar Bjørlykhaug mfl.: Social Support and Relational Recovery in the Age of Individualism: A Qualitative Study Exploring Barriers and Possibilities for Social Support in Mental Health Work. Journal of Recovery in Mental Health, 2020. Samandrag.

Forskaranes forslag til korleis vi kan få mindre einsemd:

• Psykisk helse-feltet må ta inn over seg tydinga relasjonar har og etablere stabile møteplassar i lokalsamfunna som gjev rom for mangfald og for at erfaringane til brukarane kjem fram. Dette vil krevja nært samarbeid med frivillige og avgjerdstakarar.

• «Diagnosekulturen» må framleis utfordrast av levde erfaringar, fordi han kan fungera som ein barriere mot sosial støtte i både sivilsamfunnet og psykisk helsevern.

• Psykisk helsearbeidarar må engasjere seg meir i sosiopolitiske sakar og leggje til rette for breiare demokratisk engasjement, inkludering og samarbeid med tenestebrukarar.

• Utjamning av sosioøkonomiske skilnadar vil bidra til å fjerne skilleliner innan helse. Økonomisk stønad er avgjerande for deltaking og auka livskvalitet. Trong økonomi fungerer som barrierar i sosialt liv og dermed også for sosial støtte.

• Det trengst meir forsking på fleirkulturelle aspekt ved sosial støtte, og korleis dette kan påverke behovet for mangfald i arbeidet med å skape inkluderande og støttande lokalsamfunn.

• Den pågåande pandemien gjer det endå viktigare å arbeide med sosial støtte i lokalsamfunna, evaluere justeringar på tilgangen på tilboda og arbeida mot ein progressiv sosialpolitikk som konkret hjelper menneske som lever med psykiske helseutfordringar.

Powered by Labrador CMS