Hopp til innhold

Håpar fleire vil tilsetje psykisk sjuke: – Ingen garanti for at «dei friske» ikkje er kjipe

Ingeborg Senneset håper fleire vel å tilsetje folk som er opne om psykisk sjukdom.

Ingeborg Senneset

VIL JOBBE: Ingeborg Senneset lid av etevegring og OCD. Når ho jobbar vert det enklare for ho å kjempe mot sjukdommane.

Foto: Kristoffer Myhre

05.05.21: Etter publisering av denne artikkelen har vi retta ein feil opplysning. Vi skrev opphavleg at «Undersøkinga ho kommenterer, viser at berre ein av ti arbeidsgjevarar ville tilsette personar med psykiske utfordringar, men gode kvalifikasjonar.» Dette var ikkje riktig, og vi beklagar.

Vi har endra den opphavlege tittelen, som var «Svært få vil tilsetje psykisk sjuke: – Ingen garanti for at «dei friske» ikkje er kjipe.»

Vi har i samråd med Ingeborg Senneset fjerna dette sitatet frå den opphavlege artikkelen: "– Det er veldig oppsiktsvekkande statistikk.» Ho har i staden gjeve ein ny uttalelse om temaet.

NRK har også lagt til fleire opplysningar om undersøkinga, som førebels ikkje er publisert.

Ei undersøking som Norstat har gjort for Arbeids- og sosialdepartementet viser at det er større skepsis til å tilsetje kvalifiserte personar med psykiske utfordringar enn kvalifiserte personar med fysiske funksjonshemningar eller sosiale problem.

Stilt overfor valet om kven av desse det ville vere mest aktuelt for dei å tilsetje, gitt moglegheitene deira for tilrettelegging, svarte berre ein av ti arbeidsgjevarar at dei ville valt personar med psykiske utfordringar, men gode kvalifikasjonar.

500 arbeidsgjevarar på tvers av bransjar og landsdelar har svart.

Arbeid- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) reagerer på funna i undersøkinga.

– Om ein fortel om psykiske utfordringar, så risiker ein å ikkje få ein jobb, som ein er kvalifisert til. Sjølv om det i mange tilfelle er ganske lett å legge til rette for personar som slit psykisk, seier han.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i NRKs lokaler på Marienlyst.

Arbeid- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Camilla Helen Heiervang / NRK

Kjenner fleire som slit

Ingeborg Senneset lid av etevegring og OCD. Til dagleg jobbar ho som journalist i Aftenposten.

Ho kjenner til at mange psykisk sjuke slit med å få seg jobb, og å stå i han.

– Det viktige med denne saka er ikkje undersøkinga, men erfaringane og det prinsipielle, seier Senneset.

– For nokre har pandemien vore ei katastrofe

– Generelt sett, meiner vi den psykiske helsa til nordmenn er bra. Men for nokre har pandemien vore ei katastrofe, sa psykolog Peder Kjøs til NRK tidlegare i dag

Ingeborg Senneset var ein av dei som fekk det verre då pandemien trefte Noreg.

– Å måtte vere på heimekontor førte til eit skikkeleg tilbakefall for min del. Eg gjorde ikkje ein dårlegare jobb, men hadde vanskelegare for å ta vare på kroppen min, noko som dei få som såg meg, kunne seie at det såg ut som eg haldt på å svelte litt i hel, seier ho.

– Ingen garanti for at «friske folk» ikkje blir sjuke

Senneset håper fleire vel å tilsetje folk som er opne om psykisk sjukdom.

– Du kan tenkjer at du berre skal tilsette «friske folk», men du har jo ingen garanti for at dei ikkje blir sjuke. Og heller ingen garanti for at «dei friske» ikkje er kjipe, late eller illojale. Dei tinga finst det ingen diagnose for, seier Senneset.

– Er nokon opne om sjukdommen sin med deg, så har dei truleg lyst til å vere ein ærleg og lojal arbeidstakar. Dei veit truleg også kva som må til for at dei skal klare å jobbe, følgjer ho opp.

Ingeborg Senneset

SAMFUNNSDEBATTANT: Ingeborg Senneset har fleire gongar markert seg i debattar kring psykisk helse og andre tema. Her er ho i debatt om vaksinar og vaksinemotstand i Dagsnytt 18.

Foto: NRK

– Det går alltid betre

For Senneset gjer jobben hennar det enklare å kjempe mot og å leve med sjukdommen. Ho ønskjer derfor å halde fram å skrive i avisa, sjølv når ho ser veldig sjuk ut.

Saman med sjefen og fastlegen gjorde Senneset det ho kunne for å halde fram å jobbe, trass i at ho vart sjuk igjen då pandemien trefte i fjor.

– I dag går det igjen betre. Det gjer alltid det, understrekar Senneset.

– Det krev berre litt tid, mykje innsats og gode relasjonar.

Lover meir inkludering: – Vi har starta med oss sjølve

– Vi skal gjere fleire ting, men det viktigaste vi gjer er å styrkje det psykiske helsetilbodet, seier arbeid- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Han lover også at regjeringa vil gjere meir for å hindre at folk med psykiske sjukdommar vert ekskluderte frå arbeidslivet.

– Vi har starta med oss sjølv, seier Isaksen og peiker på at 5 prosent av dei staten no tilset skal ha hol i CV-en eller funksjonsnedsetjingar.

Som arbeidsminister lover Isaksen å gjere sin del, gjennom å lage betre verktøy og verkemiddel for inkludering i Nav.

– Som arbeidsgjevarane faktisk bruker, og som er så ubyråkratiske som mogleg.

Departementet hans har også sat i gang ein eigen kampanje for å setje søkelys på slike utfordringar. #semuligheter.

Ber ministeren om å lese kommentarfelta

Ingeborg Senneset ser både kritisk og positivt på kampanjar som #semuligheter.

– Det betyr eigentleg ingenting utan pengar, utan fagfolk som har tid nok til pasientane sine, utan konkrete og kunnskapsbaserte tilbod for å bli og kome seg tilbake i jobb, seier Senneset.

Ho ber arbeidsministeren lese i kommentarfelta til dei som skriv om dette i sosiale medium.

– Historiene om mislykka forsøk, fordomar og ikkje minst vilje til å gjere alt for å vere ein ressurs i samfunnet, florerer, seier ho.

Torbjørn Røe Isaksen meiner regjeringa har gjort mykje for å styrkje det psykiske helsetilbodet i Noreg.

– For eksempel styrking av psykologtilbodet i kommunane, som er tunge og viktige ting, seier han.

Regjeringa vil også kome med fleire konkrete tiltak for betre psykisk helse, understrekar Isaksen.

– Men så trengjer vi også merksemd rundt dette. Denne kampanjen gjer at vi får fram tal, som i denne undersøkinga som vi har bestilt, og det har ein verdi, seier han.