Annonse

Fleire blir dømde til tvunge psykisk helsevern

Dobbelt så mange blir dømde til tvunge psykisk helsevern no enn for ti år sidan.

Stadig fleire blir dømde til tvunge psykisk helsevern no enn før, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

I 2020 vart 44 personar dømde til psykisk helsevern, det er over dobbelt så mange som i 2010, då 19 vart dømde.

Rettspsykiater Randi Rosenqvist meiner nedbygginga av psykisk helsevern gjer at fleire blir så sjuke at dei gjer noko kriminelt.

– Personar som blir dømde til tvungent psykisk helsevern, har ofte gått sjuke veldig lenge og får først behandling når dei blir dømde til det, seier ho til P4.

I 2020 fekk 33 av dei dømde dommen på grunn av vald og mishandling.

(©NPK)

Over dobbelt så mange blei dømde til tvunge psykisk helsevern i 2020 samanlikna med 2010, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Her frå opphaldsrommet i bygget for Psykisk helsevern ved Lovisenberg sjukehus. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Annonse
Annonse