Nyhet

Pandemien fører til fleire psykologar: – Har vore utfordrande for studentane

Det er ei kjend sak at pandemien har hatt ein påverknad på psyken til studentar. Gjennom 2021 har difor Sammen tilsett fleire psykologar og rådgjevarar.

HØGT TRYKK. Psykologspesialist hjå Sammen, Øystein Sandven, seier at dei har opplevd eit ekstra trykk på tenesta den siste tida.
Publisert Sist oppdatert

– Koronapandemien har vore utfordrande for studentane, seier Øystein Sandven, psykologspesialist hjå Sammen.

Sandven fortel at grunna auka etterspurnad for psykisk helsehjelp, har Sammen tilsett to nye psykologar og to nye rådgjevarar.

Det har også vorte mogeleg å booke psykologtimar på kveldstid grunna nye, innleigde psykologar, opplysar kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen.

– Me har opplevd eit ekstra trykk når det gjeld talet på studentar som ynskjer psykologhjelp det siste semesteret, fortel Sandven.

I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) frå 2021, oppgav rett under halvparten av norske studentar at dei opplevde et høgt nivå av psykiske plagar. Det var ei auking på elleve prosent sidan 2018.

Tilpassar behova
AUKA KAPASITET. Psykologspesialist hjå Sammen, Øystein Sandven, fortel at dei har tilsett to nye psykologar og to nye rådgjevarar grunna auka etterspurnad for psykisk helsehjelp blant studentar.

Styreleiar i Sammen, Amalie Lunde, fortel at dei ynskjer å tilpasse tilbodet etter behova til studentane.

– Me ynskjer at studentane skal vite at det er lett å få hjelp hjå Sammen, og at det finst fleire lavterskeltilbod innenfor psykisk helse, seier Lunde.

Dei har ingen konkrete planar om å ansette fleire på dette tidspunktet, men kjem til å sjå på korleis styrkinga fungerer i fyrste omgang.

Ho opplysar at Sammen har styrka tilbodet med i overkant av fire årsverk.

– For studentane tyder det at dei får hjelpa dei treng. Fleire psykologar og rådgjevarar hjelpar også på å holde ventetida nede, fortel styreleiaren.

Mål å ha låge ventelister

– Tilsetjinga er bra for å klare å fylgje opp etterspurnaden, og det er viktig at Sammen bistår kommunen med psykologar.

Det seier Helena Haldorsen, leiar i Velferdstinget Vest.

Leiaren meiner også at sosiale arenaar er viktige for studentane. Ho legg vidare vekt på verdien av at det psykiske helsetilbodet er gratis for bergensstudentane. 

– Studentane i Oslo må betale ein eigendel for ein psykologtime. Dette ynskjer me ikkje for studentane på Vestlandet, fortel Haldorsen.

GRATIS. Leiar for Velferdstinget Vest, Helena Haldorsen, og styreleiar i Sammen, meiner at tilsetjinga er viktig for studentane. Akrivfoto: Anna Jakobsen

I Bergen er ein fast prosentdel av semesteravgifta sett av for å gå til psykisk helse.

Haldorsen legg til at lågterskeltilbod og førebyggjande tiltak slik som kurs, gruppetimar og organisert aktivitet er viktig for at studentar held seg aktive og at dei kan førebyggje psykiske og fysiske helseplager.

– Målet vårt er å ha låge ventetider, så det skal vere lett å få hjelp, fortel Haldorsen.

Fleire sosiale tilbod

Ettersom det nye semesteret fremleis er prega av restriksjonar, meiner Sandven at det er viktig at studentane også orienterer seg med dei sosiale tilboda dei har.

– Sammen har så langt det har vore mogeleg hatt sosiale arrangement ein kan melde seg på, uavhengig av digital undervisning, seier Sandven.

Han poengterer at spesielt fyrsteårsstudentar som har hatt mykje digital undervisning kan få mykje ut av det kostnadsfrie, sosiale tilbodet til Sammen. 

Gratis tilbod til studentar

Ifylgje nettsidene til Sammen er psykolog- og rådgjevartimar gratis for alle som har betalt semesteravgift til Sammen. Det er låg terskel på tilboda, og ein kan snakke om alt frå studiet til personlege helseplagar.

Men det er ikkje nødvendigvis slik at alle problem treng profesjonell psykologhjelp. Sammen stiller av den grunn med både samtaleterapeutar og rådgjevarar.

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å nytte seg av psykologtenestene frå Sammen.

Powered by Labrador CMS