Hundrevis av barn og unge kontakta Røde Kors om psykisk helse i påska

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Våre frivillige fortel om noko tyngre samtalar i påskeveka enn elles. Dei største enkelttemaa var sjølvmord, spørsmål om kjærastar, seksuell legning og relasjonar til søsken, seier leiar Nelli Kongshaug i Kors på halsen.

Ukraina

I tillegg har dei frivillige svart på spørsmål om situasjonen i Ukraina.

– I all hovudsak handlar desse samtalane om kva ein kan gjere for å bidra, om korleis unge kan hjelpe barn som kjem til Noreg, seier Kongshaug vidare.

Under 18 år

Det har vore 78 frivillige på jobb hos samtaletilbodet Kors på halsen gjennom påska.

Dei frivillige svarer barn og unge under 18 år på chat, telefon og e-post, og tilbodet er ope kvar dag mellom klokka 14 og 22, opplyser Røde Kors.

Rådgjevar i ROS (Rådgiving om spiseforstyrrelser), Elin Heitmann, fortel at mange synest påska er vanskeleg. Foto: Privat