Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester

Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester

Kurs og konferanser / Publisert: 29. juni 2022

Den 14. september arrangerer vi webinar nr 2 i webinarserien om Rus, psykisk helse, bustad og tenester. Temaet denne gongen er «Brukarmedverknad som ressurs».

Tid og sted

Webinar

14. september 2022 kl 09:00 - 14. september 2022 kl 11:00

Webinarserien består av fire webinar i perioden juni til desember 2022, og er retta mot kommunane i Vestland og deira samarbeidspartar. Det er ønskjeleg at kommunane deltek på alle fire webinar, men det er likevel høve til å delta på enkeltwebinar. Dersom du ikkje fekk med deg det første webinaret i serien, kan du svare på denne e-posten, og få tilsendt opptaket.

Arrangørar er Statsforvaltaren i Vestland og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid). Målgruppa er leiarar og fagpersonar i kommuner og deira samarbeidspartar, som er involvert i arbeidet med personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Vi oppmodar kommunane til brei deltaking. Så send gjerne e-posten vidare til andre aktuelle i eigen kommune.

Inger-Lise Skog Hansen, seniorforskar ved FAFO (Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning) vert med oss denne gongen også.

Refleksjonsspørsmål til 14. september:  Kva einingar i din kommunen samarbeider i dag om bustad og tenester til personar med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse? Er det andre einingar som skulle vore involverte, eventuelt på kva måte?

Vel møtt!

Relevante artikler:

Ingen treff...