Hopp til innhold

Ventetida i psykiatrien aukar: Fride (20) måtte vente eit halvt år på hjelp

Då Fride Stokke Dyb skulle flytte vekk for å studere, fekk ho endeleg helsehjelp i heimkommunen. I fare for å måtte vente på nytt ein annan stad, blei ho verande heime.

Fride Stokke Dyb

LANG VENTETID: – Eg sat med følelsen av mykje håpløyse. Blir det betre? Får eg hjelp? Orkar eg dette?, seier Fride Stokke Dyb.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Eg kom til eit punkt kor eg tenkte at enten må eg skaffe meg hjelp, eller så klarar eg ikkje meir, seier ho.

Etter eit halvt års ventetid, fekk Stokke Dyb endeleg tilbod om helsehjelp. Då valet stod mellom å ta plassen i psykiatrien i Ålesund eller på studiar i Oslo, prioriterte ho helsa.

Ho trur den auka ventetida i verste fall kan føre til at fleire tek livet sitt medan dei ventar på hjelp.

Lange ventetider

Stadig fleire barn og unge opplever at dei ikkje får behandling så raskt som dei har krav på.

Nye tal viser at ventetida for barn og unge i psykiatrien i Helse Møre og Romsdal var oppe i 85 dagar i juli. På same tid i fjor var ventetida på 65 dagar.

Helseføretaka har ein frist som seier kor lang tid det skal ta før ein får hjelp. Kor lang fristen er, er individuelt i kvar sak, ifølge Helsedirektoratet. Men dei under 23 år har ein garanti på maksimalt 65 dagars ventetid.

I juli braut helseføretaka i landet ventetids-fristen i 52 tilfelle.

– Svært alvorleg situasjon

I fjor tok 658 personar livet sitt i Noreg. Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom trur den auka ventetida i psykiatrien har ein samanheng med det.

– For dei som sit og ventar er dette ein svært alvorleg situasjon, seier han og fortset:

Portrett av Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom

Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom seier ventetida kan bety liv eller død.

Foto: Privat

– Når folk først har bedt om hjelp, er det ein enorm terskel å kome seg over. Det at ein opplever å bli tekne på alvor då, er heilt avgjerande for korleis ting utviklar seg vidare.

Lorentsson er overtydd om at det no er liv som går tapt fordi folk ikkje får hjelp fort nok.

– Dersom ikkje regjeringa gjer noko no, får vi ikkje med oss alle.

Ny opptrappingsplan

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat Bjørkholt, seier det er urovekkande at ventetida for barn og unge aukar.

Dei jobbar no med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse, som skal leggjast fram i 2023.

– Vi veit at omfanget av alvorleg psykisk sjukdom blant unge har auka. Det ser ut som det er ein følgje av pandemien. Eteforstyrringar, angst og depresjonar har auka betydeleg i løpet av kort tid.

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap)

– Vi jobbar med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse, som både vil omhandle lågterskeltilbod og auka kapasitet i spesialisthelsetenesta, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat Bjørkhol.

Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

– Kapasiteten i helsevesenet har ikkje blitt lågare, men pågangen har auka veldig på kort tid, seier Bjørkholt.

Dei vil no prioritere å få ned ventetidene, og ta igjen behandlingsetterslepet som har oppstått under pandemien, fortel han.

Bjørkholt seier dei i år har auka løyvingane til psykisk helse- og rustenester med 700 millionar kroner, og at dei har stilt tydelege krav til sjukehusa om at dei skal ha auka kapasitet.

– Det er ikkje sånn at vi berre tenker å gjere noko om ei stund, vi har allereie gjort noko. Men vi ser at det ikkje er nok, og derfor lagar vi ein opptrappingsplan.

Jobbar for å auke kapasiteten

Ståle Hoff, klinikksjef i Helse Møre og Romsdal, vil beklage at barn og unge i fylket må vente så lenge på psykisk helsehjelp.

– Vi jobbar no heilt konkret med tiltak for å få ned ventetida. Vi har inngått avtale med private aktørar som skal opprette polikliniske tilbod, både i Ålesund og i Molde. Når dei kjem opp og går, vil vi auke kapasiteten betrakteleg i vårt fylke.

Ståle Hoff

Klinikksjef for psykisk helsevern og rus i Helse Møre og Romsdal, Ståle Hoff, seier det er viktig at unge får hjelp fort.

Foto: Kristin Støylen

Han seier ventetida skyldast at dei har hatt ein stor auke i tal på pasientar etter pandemien. Hoff meiner det har vore lettare å få auka kapasiteten i storbyar, fordi det har vore tilgang på fleire fagfolk der.

– Men no gjer vi tiltak, som forhåpentlegvis vil vere oppe og gå utover hausten. Det er viktig at unge får hjelp fort, seier klinikksjefen.

Fride Stokke Dyb

Etter eit halvt års ventetid, fekk Fride Stokke Dyb påvist diagnosen bipolar liding type to då ho endeleg fekk helsehjelp.

Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal / NRK

Ventetid på under ein månad

I fjor haust flytta Fride Stokke Dyb til nabokommunen for å begynne på studiar. Igjen kjente ho eit behov for hjelp og bestemte seg for å søke der. Då var ventetida på under ein månad.

– Eg trur det var lettare å få hjelp der, fordi eg allereie hadde fått ein diagnose. Hadde eg ikkje hatt det, trur eg det hadde tatt like lang tid som i Ålesund.

Stokke Dyb meiner det å få rask hjelp er viktig, fordi ein ikkje veit kor fort det kan gå gale.

Ventetida er alt for lang. Det er for mange som tek livet sitt i mellomtida. Og det er for mange som ikkje får hjelp.