Hopp til innhold

Meiner lange ventelister kan gjere psykisk sjuke enda sjukare

Ingen helseregionar innfrir målet for ventetid i psykiatrien. Å stå i kø for psykiatrisk behandling kan vere verre for den sjuke enn ikkje å få behandling, meiner psykologspesialist.

En ung mann står ved et stort vindu og ser ut.

VENTETIDER: Organisasjonen Mental helse seier ventetidene innan psykisk helse i Noreg er uhaldbare.

Foto: Zhu Liang / Unsplash

– Resultat frå kliniske studiar tydar på at pasientar som blir plassert på venteliste har mindre betring enn dei som ikkje blir tilbydd nokon behandling, seier Joar Halvorsen.

Han er psykologspesialist og førsteamanuensis ved NTNU.

Det er ikkje forska direkte på dei som ventar på psykiatrisk hjelp i det offentlege, men Halvorsen trur forskinga som er gjort i vitskapelege studiar kanskje kan overførast til det å stå på venteliste i Noreg.

Forskarane veit ikkje eksakt kvifor nokon blir dårlegare av å vente. Men Halvorsen har ein teori.

Noceboeffekten

– Eg trur at det kan ha noko med å gjere at dei rett og slett har ei forventing om at om ein står og ventar på behandling, så dei ikkje får det noko betre. Dei blir passive.

Han snakkar om det motsette av placeboeffekt. Nemleg noceboeffekt. Mens placebo er at ein positiv forventing kan føre til ein oppleving av betring, er nocebo at et negativt utgangspunkt forverrar symptoma.

– Men kvifor venteliste bidreg til ein noceboeffekt, det veit vi ikkje heilt sikkert, seier Halvorsen.

Samtidig trur han at dei som får beskjed om at de ikkje får behandling, kanskje gjer meir sjølv for å få det betre. For eksempel finnast det sjølvhjelpsprogram som funkar godt.

Joar Øveraas Halvorsen som er førsteamanuensis ved NTNU og psykologspesialist står i gangen på Dragvoll og ser inn i kamera. Han har skjegg og har på seg blå dressjakke og blåstripete skjorte.

Psykologspesialist Joar Øveraas Halvorsen er oppteken av kva behandling som faktisk hjelper mot psykiske lidingar.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Ingen helseregionar innfrir kravet

I Noreg har myndigheitene sett ei øvre grense for kor lang tid folk med psykisk sjukdom skal vente på å få hjelp i sesialisthelsetenesten.

  • For barn og unge er det 35 dagar.
  • For vaksne er målet å halde seg innanfor 40 dagar.

Ingen av dei fire helseregionane klarer å innfri det så langt i 2022. Alle har i snitt fått lengre ventelister frå i fjor til i år:

Helseføretaka som kjem aller dårlegast ut, er Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) og Helse Møre og Romsdal.

  • For vaksne ved UNN, har ventetida i år vore i snitt 74 dagar.
  • For barn og unge ved Helse Møre og Romsdal, har ventetida i år vore i snitt 81 dagar.

Vi er veldig lei oss for og beklagar at ventetida har gått opp.

Det seier Manuela Strauss, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal. Ventetida ved avdelinga ho jobbar ved, er rundt 30 dagar lenger enn for eit år sidan.

Fleire pasientar – for få fagfolk

Ho forklarer at mange fleire blir tilvist no enn før. Ein del har også meir alvorlege lidingar.

Dei mest alvorleg sjuke gjer vi eit tilbod ganske raskt. Det betyr samtidig at nokon må vente enda lenger.

Den siste grunnen til lang ventetid, er trøbbel med å få tak i fagfolk. Sjølv om dei har fått ekstra pengar til å tilsette fleire.

Vi har rekrutteringsvanskar. Det er ikkje til å stikke under ein stol.

Ho håpar dei skal ha korta ned ventelistene fram mot jul.

Manuela Strauss

Manuela Strauss trur fleire problem på same tid bidreg til at barn og unge må vente lenge på psykisk helsehjelp.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Også ved UNN har dei prøvd å tilsetje fleire. I tillegg har dei prøvd å ha kveldsopen klinikk.

– Det har inntil vidare ikkje gitt den effekten vi ønsker. Så vi jobbar framleis med å finne nye måtar å drive på som forhåpentlegvis gjer at vi kan få ned ventetida, seier Eirik Stellander, sjef for psykisk helse og rusklinikken i Tromsø.

Meiner lang ventetid = lenger behandlingsløp

Professor Jan Ivar Røssberg ved Universitetet i Oslo forskar på kva behandling som funkar mot psykiske sjukdommar. Han er tydeleg på konsekvensane av å vente:

Vi veit frå studiar, og det gjeld alle psykiske plager, at jo seinare vi kjem til med optimal behandling, jo verre blir prognosen.

Jan Ivar Røssberg er professor og overlege ved Universitetet i Oslo. Han har på seg briller og blå grenser over ei blå skjorte. Han står i en gang.

Jan Ivar Røssberg meiner psykiske sjukdommar blir teken mindre på alvor enn fysiske sjukdommar.

Foto: Silje Bergum / OUS

Psykosar er meir dødelege enn kreft og hjarte- og karsjukdommar til saman. Og mange som tar livet sitt slit med depresjon. Men sidan det er psykiatri og psykisk helse, bryr vi oss ikkje.

Han seier det å få ned ventetida, spesielt for unge, vil spare samfunnet for masse pengar. Det same seier generalsekretæren i Mental helse, Linda Berg-Heggelund. Ho kallar det heilt uhaldbart at nokon føretak har mellom 70 og 80 dagar ventetid.

– Ventetid gjer meir skade. Dei som står i kø, kan gå frå moderate psykiske helseutfordringar til meir alvorlege psykiske helseutfordringar. Det kan bety eit lenger behandlingsforløp.

Linda Berg-Heggelund, generalsekretær, Mental Helse.

Linda Berg-Heggelund seier ventetid kjem som ei tilleggsbelasting til lidinga dei sjuke allereie har.

Foto: Magnus Kristiansen

Er fleire avvisingar ei løysing?

Mental helse er ein medlemsorganisasjon for folk som er råka av psykisk sjukdom. Dei kjem stadig i kontakt med folk som står i kø.

– Dei set liva sine på vent. For vaksne kan det vere vanskeleg å kome i arbeid og halde på sosiale relasjonar. Barn og unge kan falle ut frå skulen, og ha vanskar med sosiale aktivitetar. Venting på hjelp tar veldig stor plass i livet, seier Berg-Heggelund.

Viss det å vente kan vere verre enn ikkje å få hjelp, er det da betre at fleire får eit klart nei? Vil fleire blanke avvisingar førebyggje negativ utvikling av sjukdom?

Les også Tror manipulering av tarmfloraen kan gjøre de med anoreksi friskere

Siv Kjølsrud Bøhn står i lab-frakk i et arbeidsmiljø. Hun er førsteamanuensis ved NMBU. Foran henne ser vi uskarpt en kvinne som arbeider.

– Får fleire avvising, vil vi i alle fall sitte med meir korrekt statistikk over kor mange som søkjer hjelp utan å få tilbod, seier Berg-Heggelund, og fortset:

– Men vi veit at også avslag er veldig krevjande, fordi nokon opplever at dei verkeleg treng hjelp.

Mental helse meiner alle landets kommunar må få på plass lågterskeltilbod for barn og unge med moderate psykiske problem.

Les også Depresjon og angst hos unge i Norge har doblet seg de ti siste årene

Deprimert kvinne ligger i senga.

Ein oversikt frå Helsedirektoratet frå i fjor, viser at ein av ti kommunar ikkje har slike tilbod.

Riktig hjelp til riktig tid skal ikkje vere avhengig av kor i landet du bur, fastslår Berg-Heggelund.

Tid som medisin

Det er ikkje enkelt å finne eit fasitsvar på kva som best gjer psykisk sjuke friskare. Er det medisinar eller terapi? Eller noko heilt anna?

Som tid?

Ein del av dei som har delteke i vitskapelege studiar, og har fått beskjed om at dei ikkje får behandling, har blitt betre av seg sjølv. Spesielt dei med mindre alvorlege lidingar.

– Innan tre månadar veit vi at ein fjerdedel av dei som har ein depresjonsdiagnose har hatt så mykje betring at dei er tilnærma friske. Innan seks månader har ein tredel opplevd det same. Når det har gått eitt år, har over 50 prosent blitt friske av seg sjølv, seier psykologspesialist Halvorsen.

Men det betyr på ingen måte at tid er ein garanti for å bli frisk. For behandling gjer folk raskare friske og kan gi mindre risiko for at du blir sjuk igjen seinare, seier han.

Om ein har symptom som går utover eins evne til å fungere i skole, jobb, eller sosialt, da bør ein absolutt søke hjelp.

Denne episoden av Folkeopplysningen handlar om psykisk helse. Kvifor seier så mange unge at dei har angst og depresjon?