Hopp til innhold

Vil ha psykisk helse like ofte som gym

Dei unge jentene frå Valdres har mista folk dei kjenner i sjølvmord. No krev dei psykisk helse på timeplanen i skulen.

Vilde K. Teinmo og Vilde Ringen går utenfor den videregående skolen i Fagernes

LIKE VIKTIG SOM GYM: Vilde Kristine Teinmo (TV) og Vilde Ringen går på Valdres vidaregåande skule. Fleire unge ville forstått når dei treng hjelp, viss psykisk helse var eige fag på skulen meiner dei.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Vilde Kristine Teinmo og Vilde Ringen bur i eit dalføre med 18.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. Som NRK nyleg skreiv har 27 personar gjort sjølvmord der dei siste sju åra.

Vi har mista mange vi kjenner i sjølvmord, seier Vilde Kristine.

Jentene er redd den dystre statistikken skal halde fram.

Derfor vil dei at det skal bli eit eige fag i skulen.

Les også Marius var nær ved å bli en del av den dystre selvmordsstatistikken

Selvmord Valdres

Har mista mange

Vilde Kristine og Vilde har vore opne om at også dei har slite psykisk.

Mellom anna har dei skrive ulike tekstar som har vorte publisert i lokalavisene Avisa Valdres og OA. Både om psykisk helse og sjølvmord.

Vi gjorde det for eigen del. Det er ein måte å få ut ting på som vi har opplevd, seier Vilde, som sjølv har slite med sjølvmordstankar.

Tekstane har gjort noko i lokalsamfunnet. Både ungdom og foreldre har tatt kontakt med jentene.

Portrett ute av Vilde Ringen

HADDE IKKJE SPRÅKET: Vilde Ringen har slite psykisk, men klarte ikkje snakke om det. No håper ho psykisk helse som fag i skulen kan hjelpe andre i same situasjon.

Foto: Mette Vollan / NRK

Ungdommar har meldt dei at tekstane har hjelpt. Å sjå andre slit har bidratt til at dei har oppsøkt hjelp.

Dei som tek kontakt har ikkje visst korleis dei skal setje ord på det dei kjenner. Eller kva slags hjelp som finst.

Foreldre sier det er viktig at vi tar det opp, og skulle ønske det hadde skjedd før barna deres valgte å avslutte livet.

Vilde Kristine Teinmo

Vil ha det på timeplanen

Dei fleste som har tatt livet sitt i Valdres er menn. Ni av dei har vore i slutten av tenåra eller i 20-åra.

Jo meir du veit om psykisk helse jo lettare er det å forstå kjenslene dine. Det er det ingen som fortel deg. Det må du finne ut sjølv, seier Vilde.

Kvar veke gjennom barne- og ungdomsskulen har Vilde Kristine og Vilde hatt kroppsøving for å forbetre den fysiske helsa.

Kvar er dei to timane i veka til å forbetre den psykiske helsa, spør Vilde Kristine.

Ho sleit med eteforstyrringar i mange år før ho fekk hjelp.

Vilde K. Teinmo utenfor den videregående skolen i Fagernes

MANGE ÅR UTAN HJELP: Vilde Kristine Teinmo levde med eteforstyrringar i fleire år før ho fann ut at ho kunne få hjelp.

Foto: Mette Vollan / NRK

Viss psykisk helse hadde vore eit eige fag trur jentene dei hadde visst meir om kva kjenslene dei hadde inni seg var.

På skulen har dei erfart at psykisk helse berre dukkar opp som tema på eit foredrag ein gong i året.

Hadde det ikkje vore rart om det berre var ein gymtime i året, spør dei.

Les også Barn ned i 8-årsalderen tar kontakt med selvmordstanker

Trist jente

Etterlyst det i fleire år

Mental Helse ungdom etterlyste psykisk helse som eit eige fag i skulen allereie i 2014.

I 2020 lanserte regjeringa livsmeistring som skulle bli integrert i læreplanen. Psykisk helse er ikkje eit eige fag, men skal inngå som ein del av fleire fag.

Eg trur mange politikarar trur dei har svart på kravet vi stilte, men det er ikkje eit svar som er godt nok.

Adrian Lorentsson, Mental Helse Ungdom

Adrian Lorentsson, er kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom. Han seier den aller høgaste terskelen er å be om hjelp.

Lorentsson viser til at halvparten av dei som tek sjølvmord ikkje har ein diagnose.

Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom ved lærerutdanninga i Hamar.

IKKJE GODT NOK: Kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson, etterlyser meir fokus på psykisk helse i lærarutdanninga. Her er han ved lærarutdanninga i Hamar.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Er det ikkje betre at det blir fletta inn i til dømes samfunnsfag eller KRLE, for å gjere det meir naturleg enn at det står psykisk helse på timeplanen?

– Eg trur det kan snakkast om i mange ulike fag, men eg trur ikkje det er nok, seier Lorentsson.

Han viser til at sjølvmord blant unge ikkje går ned, men at det kan sjå ut til å auke.

Bør psykisk helse bli eget fag i skolen?

Les også Professor mener tilfeldigheter styrer psykisk helsehjelp til unge

Lærarane kan ikkje nok

Professor emeritus i barn og unges psykiske helse ved Universitetet i Tromsø, meiner psykisk helse høyrer heime i skulen.

Han meiner openheit om kjensler hos barn er bra.

Det bør ein byrje med i barnehagen og heime under naturlege vilkår, meiner han.

Willy-Tore Mørch, Tromsø, juni 2022.

FUNGERER IKKJE: Psykolog og professor Willy-Tore Mørch meiner livsmeistring i skulen ikkje er vegen å gå.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Men han trur ikkje livsmeistring, som no er inne i læreplanen, bidrar til det.

Mørch meiner det ikkje er lagt opp til ein læreplan som fortel noko om tematikk, mål og læremiddel.

I livsmeistringsfaget legg ein ansvaret for eiga psykisk helse i for stor grad på elevane.

Willy-Tore Mørch, psykolog og professor ved UiT

Han er ikkje sikker på at psykisk helse bør inn som eige fag, men etterlyser meir kunnskap i skulen.

Vi har meint, og meiner at lærarar skal ha kompetanse til å handtere dette i klasserommet som ein viktig del av klasseleiinga, seier han.

Større utfordring for lærarar

Leiar av Utdanningsforbundet i Innlandet Thore Johan Nærbøe seier lærarane møter eit breiare sett av utfordringar hos elevgruppa no enn dei har gjort tidlegare.

Fagforeningsleder

IKKJE EIGE FAG: Utdanningsforbundets leiar i Innlandet Thore Johan Nærbøe er skeptisk til å innføre psykisk helse som eige fag.

Foto: Frode Meskau / NRK

Korleis livsmeistring blir fletta inn i dei ulike faga blir løyst på mange ulike måtar. Nokre skular har eigne temaveker, medan andre har jamleg fokus på kva det vil seie å klare sine eigne liv.

Dette har i og for seg lærarar gjort lenge, utan at vi har kalla det livsmeistring, seier Nærbøe.

Han seier at elevorganisasjonen fortel at det har vorte meir fokus på tematikken i skulane.

Lærarstudentane gir tilbakemelding om at dei lærer å gi elevane ei brei verktøykasse, slik at ein har hjelpemiddel når ulike situasjonar oppstår.

Dei liva barn og ungdom lever tar ein med seg inn i skulen. Utfordringane som oppstår påverkar også både kva som skjer på skulebenken og liva rundt skulen.

Thore Johan Nærbøe, leiar Utdanningsforbundet Innlandet

Utfordringa er viss temaet blir smala inn til å dreie seg om enkeltelement. Då meiner Utdanningsforbundet det krev ein annan type kompetanse.

Ikkje aktuelt no

Det ligg ikkje an til at ønsket til jentene i Valdres blir realisert med det første.

Skulepolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet på Stortinget, Elise Waagen, seier det ikkje er aktuelt akkurat no.

Ho er samd med Adrian Lorentsson i Mental Helse ungdom i at det er viktig at barn og unge har dei verktøya dei treng for å meistre livet.

Elise Bjørnebekk-Waagen, stortingsrepresentant og utdanningspolitisk talsperson for Arebeidarperitet.

FORDEL AT ER TVERRFAGLEG: Skulepolitisk talskvinne for Ap på Stortinget Elise Waagen har tru på å få livsmeistring inn i fleire fag.

Foto: Bernt Sønvisen / Arbeiderpartiet

– Det er hovudgrunnen til at livsmeistring og folkehelse vart innført som eit tverrfagleg tema i læreplanane, seier ho.

Waagen trur det er ein fordel at psykisk helse blir fletta inn i ulike fag. Sidan det nettopp er innført i læreplanen meiner ho det bør prøvast ei stund.

Viss det viser seg at livsmeistring ikkje fungerer er eg villig til å sjå på andre løysingar.

Elise Waagen, skulepolitisk talskvinne for Ap

Les også Det tok tid før Henrik (26) oppsøkte hjelp: – Man føler det er en svakhet

Henrik Moholdt

Hei, du!

Har du noen tanker du vil dele etter å ha lest denne saken? Eller har du tips til andre saker du vil vi skal se på? Vi blir glad for alle innspill.

Vil du lese flere saker vi har skrevet? Vi har skrevet saken om Marius som var innstilt på å ta livet sitt, men så snudde det. Vi har også skrevet om overgrepssaken i Engerdal. Sjekk også ut sakene vi skrev om mannen som ble dømt etter at han gjorde datteren sin gravid. Eller les om hvordan det er å være ung kvinne i en stor rolle på Stortinget. Trenger du lesestoff med håp? Sjekk ut saken om norsktimene i Kabul og om ungdommene som bruker sin egen fritid for å hjelpe andre.

Flere saker fra Innlandet