Hopp til innhold

– Raserer tilbod til psykisk sjuke og pårørande

Norske Sanitetskvinners foreining meiner regjeringa ikkje held løfta om å satse på psykisk helse og rus. Fleire tusen pårørande kan no miste tilbodet om råd og rettleiing.

Aktiviteter for barn av psykisk syke og rusavhengige i regi av et veiledningssenter til Norske Sanitets kvinners forening

RASERING: Regjeringas kutt til rettleiingssenter for pårørande rammar dei som slit mest, meiner Sanitetskvinnene. I framtida er dei redd for at sentera ikkje har pengar nok til å tilby barn og unge som slit positive opplevingar som riding,- slik desse små pårørande får oppleve ved eit av rettleiingssentera til organisasjonen.

Foto: Norske Sanitetskvinners forening

Ei av dei som blir ramma er tobarnsmora Lillian Elisabeth Rusti.

– Eg har lenge gått med ein redsel for å opne døra når det ringjer på. Eg er livredd det står ein prest utanfor med ein dødsbodskap, fortel Lillian Elisabeth Rusti.

Ho er mor til ei jente som slit med rus og med psykiske problem. Rusti går fleire gonger i månaden på rettleiingssenteret til Norske Sanitetskvinners foreining i Bodø.

Her får ho råd om korleis ho skal handtere kjensler og kvardagen på jobb og som mor til andre barn.

Kjensler som skam, frykt og utryggleik er ein del av kvardagen.

Lillian Elisabeth Rusti

UVURDERLEG: Lillian Elisabeth Rusti meiner rettleiingssenteret er heilt avgjerande for at ho har lykkast med å stå i situasjonen som mor. Det finst ikkje noko anna tilbod til pårørande i Bodø der ho bur, seier ho

Foto: Privat

– Ein trur ein er åleine om å ha desse problema, men på senteret møter eg andre pårørande som står i det same, og desse møta gir meg så mykje styrkje. Dette er det einaste tilbodet eg kan få her i Bodø, det finst ikkje noko tilsvarande for pårørande, seier Rusti.

Ho tek meldinga om at regjeringa har kutta støtta til Norske Sanitetskvinners foreining svært tungt. No fryktar ho at senteret hennar vil forsvinne.

Rettleiingssentera til Sanitetskvinnene har vore driven sidan 1974.

Den statlege støtta har dei siste åra vore mellom 15-18 millionar kroner årleg. Avslaget på støtta kom overraskande på organisasjonen.

Malin Stensønes, gen. sekr. norske Sanitetskvinners forening

RASAR: Malin Stensønes, generalsekretær for Norske Kvinners Sanitetsforening rasar over kuttet til regjeringa i statsstøtte. Regjeringa held ikkje det dei lovar å satse på psykisk helse og rus, meiner ho.

Foto: Anne Cecilie Remen / NRK

Opprørt

– Vi fekk inga åtvaring om at Sanitetskvinnene ikkje vil ikke støtte til å drive pårørandesenter, seier Malin Stensønes, generalsekretær for Norske Kvinners Sanitetsforening.

Statsstøtta har utgjort halvparten av grunnfinansieringa av sentera dei siste åra. Fleire tusen pårørande bruker sentera, både små barn, unge og vaksne er brukarar.

– Konsekvensen er ei kraftig rasering av tilbodet til dei pårørande. Dette rammar dei som slit mest, og særleg alle dei unge og barn. Kuttet stemmer dårleg overeins med at regjeringa seier dei satsar på psykisk helse og rus, seier Stensønes.

barnehender

HAND Å HALDE I: Rettleiingssenter er eit lågterskeltilbod til pårørande til psykisk sjuke og rusavhengige. Både barn, unge og vaksne får hjelp til å handtere vanskelege kjensler.

Foto: Norsk Sanitetkvinners forening

I Helsedepartementet fortel statssekretær Karl Kristian Bekeng at regjeringa prioriterer reine brukarorganisasjonar ved tildelinga av støtte. Konsekvensen er at over 60 organisasjonar blant 73 søkjarane fekk avslag no i 2023.

– Det er gjort ei regelendring som gjer det er no primært bruker og pårørandeorganisasjonar som får støtte frå dei ordningane dei har søkt på tidlegare, seier Bekeng.

Dessutan er det fleire søkjarar enn før på andre ordningar, og prosjektet til Sanitetskvinnene nådde heller ikkje opp her.

– Det har vorte større konkurranse om å få støtte, seier Bekeng.

– Viser ikkje det at behovet då også er aukande?

– Jo, det er openbert eit behov og regjeringa har auka pengebruken på dette, og regjeringa vil sjå meir på dette i ein opptrappingsplan for psykisk helse, seier Bekeng.

Venstreleiar Guri Melby

VIL BE OM SVAR: Venstre-leiar Guri Melby vil ha svar frå helseminister Ingvild Kjerkol om kvifor rettleiingssentera til Sanitetskvinnene og til andre ikkje lenger får statsstøtte.

Foto: Torstein Bøe

Varsla katastrofe

Sentera som Sanitetskvinnene driv er eit lågterskeltilbod. Det krev inga tilvising frå lege eller psykolog og tilbodet er gratis. Sanitetskvinnene driv ei rekke slike senter. I tillegg har dei tilboda om rådgiving telefonisk og på digitale plattformer.

Venstre-leiar Guri Melby reagerer sterkt på kuttet til regjeringa av pårørandetilbod innan rus og psykiatri. Ho vil be helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) om svar på dette i Stortinget. Partiet varslar kamp på Stortinget om å få på plass midlar i revidert nasjonalbudsjett både til Sanitetskvinnene og til andre liknande tilbod.

Les også Ber regjeringen styrke hjelpetelefoner: Fikk 300.000 henvendelser – rakk bare å svare på halvparten

– Dette er ein varsla katastrofe. Vi åtvara om dette allereie i fjor haust med omlegginga av tilskotsordninga. Dette er ille for Sanitetskvinnene og alle andre som gjer ein uvurderleg frivillig innsats for samfunnet vårt. Og det er fullstendig krise for dei pårørande til rusavhengige og psykisk sjuke som no mistar eit unikt tilbod bygd opp stein for stein over mange år, seier Melby.

I Bodø har Lillian Elisabeth Rusti fått hjelp til å lære seg å handtere frykta. Ho er opprørt over kuttet i rettleiingssentera.

– Dette heng ikkje på greip, og dette viser at regjeringa ikkje forstår korleis det er å vere pårørande. Utan dette senteret ville eg ikkje greidd å jobbe, og ville sjølv vorte sjukmeldt. Det er dårleg bruk av ressursane i samfunnet å leggje ned rettleiingssenter som fungerer så bra, seier Rusti.

Les også Vil bruke 900 millioner for å hjelpe unge som sliter

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef Mental Helse Ungdom

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger