Hopp til innhold

Slik vart ventelistene reduserte frå eitt år til ei veke

Sortland kommune i Vesterålen har teke grep med tilbod om psykisk helsehjelp. Statssekretær seier dette er måten tenestene vil organiserast på i framtida.

Høydtidelig åpning med klippinhg av snor

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) opna «Sortlandshjelpa» med snorklipping.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Eit graffitiinspirert inngangsparti, eit kontor med open dør og ingen behov for tilvising frå lege.

Grepa som er tekne i Vesterålen er enkle, men effektive.

Kanskje mest av alt med å ta bort behovet for tilvising om ein skulle trenge hjelp.

– Vi hadde 120 personar på venteliste i fagfeltet psykiatri og rusavhengnad, men no får folk tilbod i løpet av ei veke, seier einingsleiar Olav Andre Fenes i «Sortlandshjelpa».

Folk kan komme på døra, eller ringje på telefonen og få eit tilbod i løpet av ei veke.

Les også Anita (26) måtte vente seks måneder på psykisk helsehjelp

Anita Sjåvik

Må gjere jobben sjølv

Det betyr ikkje at det er slutt på lange behandlingsløp med psykologar – men det er ein raskare veg å gå for mange som treng hjelp og som er i stand til å gjere ein del av jobben sjølv.

Personar som ønskjer endring kan gjere mykje på eiga hand. Det er jo her det verkelege arbeidet er, vi sit berre med kjennskap til verktøya. Sjølve jobben må personen sjølv gjere, seier kommunepsykolog Andreas Lande i Sortland.

Samtidig har nokon utvida behov. Psykisk helse og avhengnadsfeltet er veldig stort med depresjonar, angst, psykosar og rusproblematikk og dobbeltdiagnosar.

– Vi har eit tilbod til heile spekteret, seier Fenes.

enhetsleder Olav Andre Fenes i Sortlandshjelpa.

Olav Andre Fenes er einingsleiar i «Sortlandshjelpa»

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Er svært framtidsretta

Måten som Sortland no har organisert denne tenesta blir lagt merke til. Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet meiner dette er svært framtidsretta.

– Denne helsetenesta er akkurat slik vi tenkjer at ho må organiserast. Det er ein pilot og eit førebilete for Kommune-Noreg, seier Bjørkholt.

Han legg til:

– Dei som treng hjelp, får hjelp raskt til ei lågterskelteneste – og filosofien om at ein skal eige si eiga behandling er ein god måte å gjere det på.

Sortlandshjelpa i Vesterålen

Sortlandshjelpa i Vesterålen får skryt frå statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap).

Foto: John Inge Johansen / NRK

Ein viss eigeninnsats, nokon å snakke med, eit kurs og ikkje minst eit system for å gi tilbakemeldingar på kva som fungerer.

Dette er nøklane i «Sortlandshjelpa».

– Vi er betre tente med at dei som har behov for hjelp i kommunen får hjelp som hjelper, i staden for å bli sett i eit langvarig behandlingsløp som ikkje har effekt, seier Fenes.

Ein ekstra effekt er at tiltaka som er gjennomførte også vil redusere ventelistene på legekontora.

No treng ein ikkje først å vente på time til lege for å bli tilvist – og så stå i ein ny kø for å få hjelp frå spesialist.

Les også Straffedømte gir psykiatrikø: – Skal man få god behandling, må man begå alvorlig kriminalitet først

Hugo Henstein