Litt kvit. Litt brun. Aldri blenda. Eit skilje mellom fargane, som gjer vanskane so mykje større.

Psyken kan ofte skurre. Særskilt når ein kjenner at grunnlaget og identiteten blir uklar.

Men som andregenerasjonsinnvandrar, er det ikkje like lett å trengje gjennom eller oppsøkje hjelp. Stigmaet blindar ofte behovet.

Eg ser ned på karakterresultatet mitt. Fem minus. Det kriblar i heile kroppen min. Ikkje av glede, men av skam. Korleis skal eg vise dette til pappa?

Kva vil foreldra til kompisen min, Suresh, tenkje om meg. Han som alltid får seksarar på alle prøver. Skamma har eg teke med meg heim.

Klikk her for å abonnere på nyhetsbrev fra Norsk debatt

Suresh er ein ganske pliktoppfyllande son. Briljerer på skulebenken, held seg unna alkohol og festar, lyder foreldra og jobbar for å kome seg inn på medisinstudiet. Pappa ville nok ha skildra han som den perfekte sonen.

Eg der i mot, er ikkje like strålande som han. Femarar, er det eg klarer. Eg forsøkjer å lyde, men problemet er berre det, at mine indre konfliktar gjer det vanskeleg for meg til tider. På den eine sida, har eg venner som ber meg «henge» med dei seint på kvelden, medan i heimen min, blir eg skjelt ut om eg ikkje er til stades innan klokka sju på kvelden.

Barrierer og grenser, har vore vanskeleg. Det har vore utfordrande å ha ein fot i kvar kultur.

Det trur eg Suresh også kan kjenne på. Men vi er ganske flinke til å skjule dette, til tross for den store påkjenninga dette skapar overfor psyken vår.

Snakker vi om mental helse, eller tyngda av å ha ein mørk dag, blir vi ikkje møtt med forståing. Dette har eg erfart over tid.

Les også: Konfliktsky? Slik setter du grenser

Ein onkel som ber meg om å skjerpe meg, eller skamma far kjenner på, i situasjonar eg presterer dårlegare enn sonen til onkel Kumar.

Terskelen for å risikere å påføre skam overfor foreldre, er som regel høgare i vår kultur.

Er det nokon som tenkjer over kva dette gjer med psyken vår? Det å stadig måtte vere på vakt, og sikre oss at alle rundt oss er tilfredsstilte?

Psyken til ein mørkhuda tenåring, som kun kjende på smerter i det han vaks, har sjeldan hatt betydning.

Voksesmerter, kalla du det. Identitetsforvirring, kalla eg det.

Depresjon, var ingen liding. Latskap, kalla du det.

Angst, var ingen symptom på ein større vanske. Unnskyldning, kalla du det.

Difor har eg ofte undra meg. Er det kun eg som har kjend på desse vanskane? Suresh? Kjenner du deg att? Er det hardt for deg å sjonglere to kulturar, to identitet og to levemåtar? Eller er dette noko berre eg ikkje får til? Du er so taus. So lydig. So flink.

Les også: Rasismen blant minoriteter er utbredt

Du finner deg sikkert ei tamilsk kvinne å gifte deg med. Det gjer heilt sikkert eg også. Det er fint slik. Best slik. Mest riktig. Både overfor våre foreldre, kulturen og det tamilske samfunnet. Folk snakker veit du.

Om du går i mot desse anbefalingane vil du bære skam over familien. Eg vil ikkje vere årsaka til det i alle fall.

Det er mykje vi må tenkje på. Mange vi må tilfredsstille. Vi får det til på eit vis, men det er ingen som har interessert seg for kven eg eigentleg er.

Utanom status og yrke, er det ingen som har engasjert seg for kva menneske eg er. Om psyken min har det bra.

Det er vanskeleg å snakke om psykisk helse. Dette også i den vestlege kulturen. Men med den bakgrunnen eg har, finst det ingenting som heiter mental helse.

Vi presterar, blir legar, får oss familie, og jobbar motorisk for å passe inn i begge kulturar.

Sjølv om psyken skurrar, oppsøkjer ein ofte ikkje hjelp, grunna det tjukke teppet laga av stigma.

Vi må snakke om psykisk helse. Og for å kunne opne opp portar for dette, treng ein slike som Suresh og meg til å formidle dette.