Særleg på skulen kan dette vere ein stor utfordring, då ungdom er ei sårbar gruppe som treng støtte og hjelp til å handtere psykiske problem. Dessverre er tilbodet om hjelp og støtte på skulen altfor ofte dårleg og ikkje tilstrekkeleg, noko som kan få alvorlege konsekvensar for elevane.

6 av 10 nordmenn meiner at tilbodet er for dårleg på skular, ifølge ei sak frå TV2. Berre 6 prosent meiner at skulen greier å følge opp barn og unge med psykiske plager. Dette er et altfor lågt tal, og skulen må skjerpe seg. Barn og unge som slit på skulen burde få hjelp. Men i dei fleste tilfelle blir det for seint.

Les også

«Nå er det noen som bruker ytringsfriheten sin for å begrense andre sin»

Ei av dei største utfordringane er mangel på ressursar. Mange skular har ikkje tilstrekkeleg med ressursar til å tilby hjelp og støtte til elevane, noko som kan føre til lange ventetider og manglande oppfølging. I tillegg er det ofte slik at tilbodet som finst, er lite tilpassa den enkelte elevs behov. Ei standardisert tilnærming kan vere til liten hjelp for dei som treng individuell hjelp.

For å løyse denne utfordringa er det viktig at det blir sett inn nok ressursar og kompetanse på skulen. Det må tilsetjast fleire psykologar og fagpersonar som er i stand til å hjelpe elevar som slit psykisk. Kanskje kan det vere lurt å begynne å lære opp lærarane til korleis dei kan handtere ein situasjon, der ein elev slit psykisk? Men samtidig er ikkje lærarane psykologar. Eg meiner at det da er betre at læraren lager eit trygt og godt klassemiljø, slik at det ikkje er flaut å spørje etter hjelp

Les også

«Eg er stolt av rånekulturen, og det meiner eg at du også burde vere»

Dei siste åra har økonomien i Norge vakse betrakteleg. Straumprisane, bensinprisane, matprisane har auka heilt sjukt mykje. Fleire og fleire husstandar får trongare økonomi. Så korleis skal ein husstand som slit med økonomien frå før, ha råd til å betale for psykisk hjelp? Viss ein ikkje får den hjelpa ein treng på skulen, må ein ut med fleire tusen kroner. Er det rettferdig?

Nei, eigentleg ikkje, meiner eg. Psykolog burde vore ei gratis teneste i skulekvardagen. Ein alle som vil kan snakke med. Difor må fleire psykologar og fagfolk setjast inn i skulen. Det er viktig for framtida av utdanning og det er viktig for Noreg som eit land, å på ein meir effektiv og betre måte kunne beskytte og hjelpe dei unge som slit.

Les også

«Kva har byen å by på? Spør du meg, så har den ingenting»

Elevane våre er framtida vår, og vi må ta vare på deira psykiske helse. Så kva er det skulen må gjere? Skulen har eit ansvar for å gi elevane eit trygt og inkluderande miljø, der dei kan oppleve suksess både akademisk og personleg. Skulen burde også gi elevane tydlegare informasjon om kva slags teneste som finst, slik at elevane veit kor dei skal gå når dei treng hjelp. Derfor må det vere eit tilstrekkeleg tilbod om hjelp for psykisk helse på skulen, slik at elevane kan få den støtta dei treng når dei treng det som mest.

For å betre tilbodet om hjelp for psykisk helse på skulen, kan det vere nyttig å involvere elevane i prosessen. Elevane bør få høve til å gi tilbakemeldingar om kva som fungerer og kva som kan forbetrast. Dette kan føre til ein meir tilpassa og effektiv teneste som imøtekjem elevane sine behov.

Det er vondt og trist å sjå at dette ikkje blir prioritert like mykje som det burde. Det handlar om å ta vare på dei unge. Det å ta vare på oppveksten deira. Eg er sjølv ein ungdom og eg vet kor viktig det er. Eg bli litt lei meg og sett ut, sidan eg veit at det kunne blitt gjort så mykje meir. Ikkje berre i Valdres, men over heile Noreg.

Teksten er eitt av bidraga i kronikkonkurransen våren 2023. Kronikkonkurransen er eit samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule, Nord-Aurdal mållag og Valdresmusea.

Les også

"Stuck på Vestsida i Røn ... Prøv det sjølv!"

Les også

"Når så mange vel bort livet her, så er ikkje spørsmålet kvifor vi flyttar, det er kvifor vi blir"