Hopp til innhold

Fleire unge får diagnose: – Vi sjukleggjer born og unge

Talet på unge med psykiske lidingar aukar. KrF-topp meiner samfunnet for lett set diagnosar for det som er ei naturleg uro hos dei unge.

Milla Mulen Hetland (til venstre) og Celine Lærum om sjukleggjering av unge.

MEIR OPNE: I vennegjengen til Milla Mulen Hetland (til venstre) og Celine Lærum (17) snakkar dei opent om kjensler og psykisk helse.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

I løpet av årets fire første månader i år fekk 50.000 born og unge helsehjelp innan psykiatrien. Det er ein auke på 7 prosent i høve til same tid i fjor, ifølgje Helsedirektoratet. For vaksne er talet uendra.

Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for Vestland KrF meiner det er på tide å ta ein fot i bakken når det kjem til dei unge si psykiske helse.

– Vi sjukleggjer born og unge, seier Brosvik.

Ho meiner samfunnet leitar etter diagnosar for det ho kallar «naturleg uro hos born og unge»

Trude Brosvik

Trude Brosvik i KrF strekar under at ho tek på alvor at fleire unge treng hjelp. Men for at dei som treng det mest skal få det, må det inn meir lågterskeltilbod til dei som kanskje berre treng ein god prat med ein vaksen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Den uroa må vi møte på andre måtar enn berre medikament og behandling, og på eit lågare nivå, seier ho.

Politikaren viser til at helsesjukepleiar og miljøkoordinatorar på dei vidaregåande skular kan vere til god hjelp.

Det er nemleg ikkje fagfolk nok til å hjelpe alle, og då må det ei siling til, meiner ho.

– Elles kan det føre til at dei som verkeleg treng hjelp, ikkje får det, seier ho.

Brosvik trur ikkje at fleire psykologar i skulen er einaste svar. Det viktigaste er at ungdommen har noko å snakke med. Det kan vere ein prest, ein miljøkoordinator, psykolog eller andre.

Talet på unge som opplever psykiske plager som bekymring og stress, har auka jamt og trutt i perioden 2010–2020. Det syner tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Også talet på unge som får psykiske lidingar og ein diagnose, har auka i same tidsperiode.

Psykiske plager hos jenter i ulike undersøkingar.

Grafen viser ein auke i jenter sine oppgitte psykiske plager i ulike undersøkingar år for år.

Foto: Skjermdump: FHI

Mange seier dei er deppa

Rundt bordet i kantina på Førde vidaregåande skule sit venninnene Milla Mulen Hetland (18) og Celine Lærum (17).

Dei synest KrF- politikaren har eit godt poeng.

– Det kan i stor grad stemme at depresesjon og angst er eit stort tema blant dagens unge. Det blir veldig lett sett ord på «at eg har depresjon», seier dei.

Jentene, som er russ til våren, trur det blir snakka meir opent om psykisk helse no enn før. Dei meiner det kan vere eit problem at unge som verkeleg er deprimerte stadig får høyre at «alle» er så deppa, når ein kanskje berre har ein dårleg dag.

Dei synest likevel det er positivt at det har blitt meir openheit blant unge om psykisk helse

– Skulle nokre ha ein dårleg dag, er det lett å vere open om det, seier Mulen Hetland.

Milla Mulen Hetland (til venstre) og Celine Lærum om sjukleggjering av unge.

Milla Mulen Hetland og Celine Lærum går siste året på vidaregåande i Førde. Dei seier vennegjengen snakkar mykje om psykisk helse.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Sjukleggjer naturlege reaksjonar

Spesialist i psykiatri og leiar for Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre synest Brosvik har gode poeng.

Les også Han vil slutte å gje diagnosar på psykiske lidingar

Trond Aarre

– Vi sjukleggjer mykje av det som er naturlege reaksjonar på slik livet er, seier han.

Det kan gå utover dei som verkeleg treng hjelp, peiker Aarre på:

– Dei får ikkje så godt tilbod som dei burde fått, fordi folk med daglegdagse problem brukar opp mykje av dei ressursane som er tilgjengelege.

Aarre meiner det ikkje er noko som tyder på at førekomsten av alvorlege psykiske lidingar aukar i befolkninga.

– Men det er veldig mykje som tyder på at lettare plager blir oppfatta som uttrykk for psykiske lidingar og blir tilvist for behandling.

I likskap med Brosvik meiner psykiateren at det er for lett blir sett diagnosar.

Særleg gjeld dette ADHD og autismespekterforstyrringar, seier han.

Gry Lunde generalsekretær ADHD Noreg meiner auken i psykiske lidingar, og ADHD, kan ha fleire grunnar.

Les også Nesten 80 prosent økning i antall ADHD-diagnoser blant kvinner

Sara Lilja, Mathilde og mamma Linda.

– Eg synest det blir for enkelt å beskrive den utviklinga vi ser som ei sjukleggjering, seier Lunde.

Milla Mulen Hetland (til venstre) og Celine Lærum om sjukleggjering av unge.

Milla Mulen Hetland og Celine Lærum (til høgre) meiner det er viktig at ein lære å kjenne seg sjølv: – Symptoma for angst er dei same som når du er nervøs. Det kan vere at du kjenner deg nervøs, og at det ikkje er angst, seier Lærum.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Meiner unge aldri har hatt det betre

Organisasjonen Voksne for barn synest ikkje born og unge blir gjort sjukare enn dei er. Tvert i mot fryktar dei at ikkje alle får ein diagnose og hjelp.

– Vår oppleving er at det største problemet i dag er at barn og unge som faktisk slit med reelle utfordringar, ikkje får den hjelpen dei treng, seier generalsekretær Signe Horn.

Adrian Lorentsson i Mental Helse Ungdom meiner mange brukar omgrep som angst og depresjon når dei i grunnen er lei seg eller nervøs.

– Folk tenker at dei har opplevd depresjon, når dei eigentleg har opplevd noko helt normalt, som ofte har ganske normale løysingar.

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef Mental Helse Ungdom

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom, seier at svært mange med psykiske lidingar vegrar seg for å oppsøke hjelp.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Professor i helsepsykologi Arne Holte, peiker på det same.

– Unge er ikkje lenger lei seg eller slitne. Dei er «deprimerte». Dei er ikkje redde. Dei har «angst».

Holte har stilt spørsmål om det verkeleg stemmer. at unge slit meir psykisk no enn før. Til dømes syner også Undersøkingane i Ungdata syner at angst og depresjon aukar. Men professoren syner til at dette er sjølvrapporterte data.

Holte meiner snarare tvertt imot at mange born og unge aldri har hatt det betre, og syner til Ungdata-undersøkinga frå 2022.

Jentene på Førde vidaregåande meiner dei unge må bli flinkare på å skilje mellom det å vere normalt nervøs for noko, og det å trenge ein angst-diagnose.

– At kroppen min reagerer treng ikkje å bety at eg har angst og må bli lagt inn på psykiatrisk. Det er viktig å lære å kjenne seg sjølv, seier Celine Lærum.