Hopp til innhold

Elevane ba om betre undervisning – skulen svara med «Sex, drugs and rock'n'roll»

Elevane sakna betre undervisning om seksualitet, rus og psykisk helse. Denne veka tok Vest-Telemark vidaregåande skule utfordringa.

Bandet Byting framfor elevane ved Vest-Telemark vidaregåande

Bandet Byting har fleire låtar om fyllekøyring og psykisk helse, og dermed passa det godt å avslutte temaveka med ein konsert for heile skulen.

Foto: Martin Litwicki

Det ligg eit stille alvor over den store kinosalen der heile skulen sit samla denne måndagsmorgonen.

Ikkje ein gong på bakerste rad er det nokon som ler eller kviskrar.

Mange kikkar ned i golvet, sit i djupe tankar. Fleire må tørke ei tåre.

Over høgtalaranlegget har nemleg siste episode av ein spesiallaga podkast, produsert av tilsette ved skulen, nettopp blitt spela.

Podkast om valdtekt og dødsulykke

Den fiktive historia om vennegjengen som berre skulle feste og ha det moro gjer sterkt inntrykk på elevane denne morgonen.

Skodespelarstudentar i rollene som ungdommar frå Vest-Telemark, høg partymusikk og sterke lydeffektar gjer at det nesten er så ein sjølv sit der i bilen mellom Dalen og Bø, med ein full kamerat ved rattet.

Turen tek brått slutt med ein kraftig kollisjon i Morgedal, der fleire i vennegjengen mistar livet:

Parallelt med historia om dødskrasjet, tek podkasten også for seg historia om ein gut som valdtek ei sovande venninne på den same festen:

Elevane bad sjølve om betre undervisning

Anne Haugland seier ho synest podkasten som skulen har laga var bra.

– Dette er noko ein kan relatere til. Det er lange avstandar mellom festane her, og vanskeleg å finne sjåfør.

Saman med Mari Årlid og Margit Magnesdotter Kostveit var ho blant elevane som tok initiativ til å be skulen om betre undervisning knytt til seksualitet, rus og grenser.

Mari Årlid, Anne Haugland og Margit Magnesdotter Kostveit, elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule.

Mari Årlid, Anne Haugland og Margit Magnesdotter Kostveit tok initiativet til temaveka på Vest-Telemark vidaregåande.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Me var på ein konferanse om ungdom og rus i Sandefjord i fjor. Det var vanvittig nyttig. Me tenkte at det var veldig synd at ikkje fleire fekk høyre på det, seier Årlid.

– Kunnskap gjer at det er lettare å ta fornuftige val, legg ho til.

Merkar effekten

Vest-Telemark vidaregåande tok utfordringa frå elevane og laga temaveka «Sex, drugs and rock'n'roll», seier avdelingsleiar Birgit Johanne Kovajord Olsnes.

Ho fortel at eitt av høgdepunkta var avslutninga på veka:

Ein konsert med bandet Byting, som har fleire tekstar der dei fortel historier om både ruskøyring og psykisk helse. Vokalist Thomas Hellekås heldt også føredrag for elevane om dette.

Det blei godt motteke, seier Olsnes, som håpar på endå meir samarbeid med bandet om dette temaet framover.

Birgit Johanne Kovajord Olsnes, avdelingsleiar for pedagogisk støtte, Vest-Telemark vidaregåande skule

Birgit Johanne Kovajord Olsnes, avdelingsleiar Vest-Telemark vidaregåande

Foto: Håkon Lie / NRK

– Me veit at ungdommane står i kjempevanskelege situasjonar når dei er på fest og plutseleg må vere fornuftige. Me håpar og trur at denne veka gjer dei i betre stand til å ta gode val.

I løpet av veka har elevane arbeidd med oppgåver blant anna knytt til podkasten, og med undervisningsopplegget frå NRK-serien Rus med Leo Ajkic, der historia om Jens Lunde Tusvik frå Porsgrunn blir fortalt.

Dei tilsette ved skulen er glade for at det allereie er elevar som har rekt ut ei hand for å få hjelp til ting dei ikkje har klart å setje ord på tidlegare.

Olsnes seier fleire skular alt har tatt kontakt for å høyre meir om opplegget, og ho deler gjerne erfaringane skulen har hatt.

– Eg trur me hadde behov for å rydde timeplanen denne veka for å setje av tid til å snakke om og diskutere desse temaa. Eg veit at mange lærarar jobbar godt med det elles også, men no er det fokus på dette for alle.