Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Christian fekk etter kvart diagnosen bipolar etter å ha blitt innlagt med psykose tre gonger på kort tid. Meistring og glede av fysisk aktivitet har hjelpt han tilbake i jobb.

Christian fekk ein alvorleg psykose. Fysisk aktivitet har hjelpt han tilbake i jobb

Da Christian fekk plass i gruppa til idrettspedagog Geir Haakstad, følte han meining og meistring. 

– Du føler deg så utanfor og rar. Så annleis. 

Christian Wilhelmsen var i full jobb som kokk. Like etter at han fylte 30 år, blei livet brått endra. På kort tid var han gjennom tre alvorlege hendingar med psykose. 

Skulle han som var vant til å ha ein fast jobb å gå til kvar dag, gå sjukemeldt eit heilt år?

Podcast: Kan fysisk aktivitet være en del av behandlinga for psykiske lidelser?

I denne episoden av NIH-podden kan du høyre idrettspedagog Geir Haakstad i samtale med Christian Wilhelmsen og forsker Christina Gjestvang om deira erfaring med fysisk aktivitet for personar med psykiske lidingar. 

Høyr heile episoden her.

Ville møte andre psykisk sjuke

Christian følte seg utanfor og ein det ikkje var plass til i samfunnet. Han etterlyste eit tilbod der han kunne møte andre som hadde vore i tilsvarande situasjon. 

Det var da han fekk plass i idrettsgruppa til Geir Haakstad. Der var det tysdagturar i marka, fotballøkter og svømming på timeplanen.

– Det gav meg, som var vant til å vere i full jobb, ei moglegheit til å ha ein stad å gå til kvar dag. Eg møtte andre menneske som har hatt det vanskeleg og fekk gode sosiale opplevingar i aktivitet. Det hjelpte veldig for meg, fortel Christian. 

Kvar tysdag stod tre timar tur med matpakke på timeplanen. For Christian blei det svært viktig å ha desse aktivitetane som gav han glede og meistring i kvardagen som sjukemeldt med psykisk sjukdom.

– Vi definerer fysisk aktivitet som alle formar for kroppsleg verksemd som tar sikte på å auke kapasiteten til oss menneske. Både fysisk, psykisk og sosialt. Vi trur på at aktiviteten vi driv med, påverkar oss på andre måtar enn berre det fysiske, forklarer idrettspedagog Geir Haakstad.

Han har utdanning frå Norges idrettshøgskole (NIH) og har i mange år jobba med fysisk aktivitet innanfor psykiatrien. Nå jobbar han på spesialisert poliklinikk på Diakonhjemmet sykehus.

Han har også med seg ergoterapeut og sjukepleiarar i gruppa.

Kjendest aldri som behandling

Det er sjeldan Haakstad har individuell aktivitet med pasientar. Det handlar om aktivitet gruppa gjer saman. 

– Det er fordi eg ser på det å vere saman med andre som ekstremt viktig for personar som har ein psykisk liding. Eg trur det har stor innflyting på tilstanden deira. 

Haakstad og forskar Christina Gjestvang startar for tida opp eit forskingsprosjekt der dei skal undersøke både pasientars og tilsettes erfaring ved å integrere fysisk aktivitet i behandling av psykiske lidingar. 

For Christian tenkte aldri på turane og aktivitetane i gruppa som behandling. 

– Det var ikkje terapi der me gjekk rundt og spurte kvarandre korleis me har det i dag. Det var fokus på samhald og aktivitet. For meg var det mykje betre å møte folk på tur i marka enn å sitje i ein sirkel og snakke.

Trente mot Holmenkollstafetten

Han fortel om trening til Holmenkollstafetten der gruppa stilte lag. Fotballkamp mot gatelaget til Vålerenga. Skiturar og sirkeltrening.

– Eg set så stor pris på gruppa. Det er plass til å vere seg sjølv 100 prosent. På tur kjem vi tilfeldig inn på samtalar og er kvarandres støttespelarar. Eg kjem frå eit hardt yrke. For meg var denne gruppa nærmast som å kome til ein oase. Om du har noko å fortelje, så høyrer folk på deg, fortel han. 

I eitt år var Christian med i gruppa. Eit halvt år seinare er han tilbake i jobb, men møter framleis mange frå gruppa. 

Alltid i ein form for aktivitet. 

– For meg har det å finne ein stad der ein er akseptert, betydd veldig mykje. Vi meistra noko saman, fekk eit fellesskap og kjente progresjon av aktiviteten vi dreiv med. Det gav meg tryggleik til å vere meg sjølv og akseptere at eg er psykisk sjuk. 

Mange kjem tilbake til jobb

Christian er ikkje aleine om historia si. Rundt 100 pasientar er kvart år med på dette frivillige aktivitetstilbodet. Mange av dei kjem seg tilbake i jobb.

– Gruppene blir tømt, for mange går inn i jobb igjen. Det er veldig positivt. Christian er eit stjerneeksempel på det me ynskjer når han fortel at han får glede av å trene både aleine og med andre frå gruppa også i etterkant. 

Det er lett å sjå at Christian Wilhelmsen sit igjen med mykje etter året i gruppa. 

– Det var jo ikkje ein del av behandlinga sånn eigentleg. Det var berre fysisk aktivitet, men så blir det likevel det fordi det er ekte menneske som er saman i ein situasjon og meistrar noko saman. 

Høyr meir av historia til Christian og filosofien til Geir Haakstad i NIH-podden her:

Powered by Labrador CMS