To dagar i veka: Signe Marie Svalestog, John Olav Klodvik, Anne Karin Grimstveit og Barbro Tveitane Holskar jobbar i tenesta for psykisk helse og rus i Nissedal kommune. Dei hjelper til med det nye lågterskeltilbodet som er ope for alle to dagar i veka.

Nytt tilbod skal skape trivsel for dei som kjem innom. – Har ropa etter meir ressursar i mange år

Tenesta for psykisk helse og rus i Nissedal kommune har starta eit nytt lågterskeltilbod med mål om å skape trivsel og fellesskap.

Etableringa er i bygget til Nissedal Røde Kors, nær Treungen sentrum. Psykisk helse er veldig takksame for det gode samarbeidet med Røde Kors.

Det nye tilbodet kom i stand ved hjelp av 750 000 kroner frå Statsforvaltaren i år, etter at kommunen sende søknad dit ein tysdag ettermiddag. Alt onsdag kveld kom det positive svaret frå Statsforvaltaren om 750 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Psykisk helse i kommunen har ropa etter meir ressursar i mange år, seier Hild Riseth Fjone, avdelingsleiar helse, glad for den store løyvinga kommunen fekk.

Brukarmedverknad

Summen går til å løne prosjektleiar for lågterskeltilbodet, Barbro Tveitane Holskar, i 60 prosent stilling, og førte til at ei anna stilling innan psykisk helse for barn og unge kunne bli auka med 40 prosent, til full stilling.

To personar frå psykisk helse møter kvar tysdag og torsdag på det nye tilbodet og det som har fått namnet Huset. Tysdagane er det ulike aktivitetar, og til nå i haust har det vore sopplukking, tur til Hamaren aktivitetspark/tretoppvegen i Fyresdal og bålfyring ved idrettsbanen i Treungen. Vidare har nokon brukarar vore med og rydda rundt Huset, og hjelpt med ting innvendig.

– Brukarmedverknad er viktig. Dei er med og bestemmer kva me skal gjere kvar tysdag, seier Barbro Tveitane Holskar.

Torsdagane er det på Huset høve til å ta ein prat med to personar frå psykisk helse, og det er enkel servering.

Ressursen er dobla

Holskar fortel at det har godt kjempebra med det nye tilbodet, der opptil sju personar har møtt på same dagen. Elleve ulike brukarar har til nå nytta lågterskeltilbodet, og på sjølve opningsdagen dukka det opp mange personar.

– Alle er velkomne til å kome her, seier Holskar, og minner om at alle har ei psykisk helse.

– Einsemd, det er litt av det me vil førebygge, legg Anne Karin Grimstveit til. Ho er koordinator for psykisk helse og rus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Psykisk helse har elles fått 0,4 årsverk ekstra i samband med at det kom flyktningar til Nissedal.

Siste året har psykisk helse i kommunen fått dobla ressursen, frå 1,6 til 3,2 årsverk.

Når dei 750 000 kronene er bruka opp etter eitt år med lågterskeltilbod, er håpet til psykisk helse at Statsforvaltaren er positiv til vidare tilskot.

I tillegg til det nye tilbodet blir det å vidareføre lågterskeltilbodet Fredagsgruppa annankvar veke på Mila aktivitetssenter. Denne gruppa har halde til der i mange år.