– Vi har aldri starta noko før, men vi er veldig engasjerte og har veldig tru på dette! seier Renate Olderkjær Kolaas, Maria O. Hardeland og Christina Hasle Bøe.

I tillegg er Malin Bakke Eik og Madelen Hansen Tungesvik med i teamet som skal ha stiftingsmøte 10. november for Mental Helse Ungdom Kvinnherad.

– Alle har ei psykisk helse, så dette er noko for alle, og vi trur at Mental Helse Ungdom er noko vi treng her i Kvinnherad, seier dei og meiner det er få tilbod til dei som er i gruppa 18–36 år.

Kvar fredag frå klokka 17:00 til 21:00 skal klubben vera open i lokala til Kvinnherad Frivilligsentral på Husnes. Det skal vera ein trygg arena der folk skal kjenna seg velkomne. Sjølvsagt utan rus.

– Vi gler oss veldig og er spente på responsen, men uansett – om det kjem fem eller femti, så er dette starten på noko som vi skal ta vidare, seier Renate.

– Kva skal skje på fredagsklubben?

– Det vil vi finna ut etter kvart, fordi vi har tru på at dei som går på klubben får vera med og forma innhaldet sjølv. Vi trur at det vil skapa eigarskap og trivsel når folk er med og bestemmer, og kan koma med forslag. Dersom nokon er gode på ein ting, så kan dei jo læra dei andre det, seier dei.

– Men vi reknar med at det blir varierte kveldar, slik som til dømes tema til diskusjon, film, spela noko, eller ta ein tur ein stad. Det kan vera kva som helst, og sjølvsagt skal det vera litt mat og knask, legg dei til.

Dei presiserer at fredagsklubben òg er for menn.

– Og det vil vi ha fokus på, at gutar òg er velkomne. Mange unge er blitt innelukka etter korona, og ein treng motivasjon for å koma seg ut, seier Renate om dørstokkmila.

– Vi veit jo òg at mørketida kan fremja depresjon for nokre, og det er ein grunn til at vi startar opp no, seier Maria.

Dette med jula er ein annan god grunn.

– Det er ikkje slik at alle har familie dei kan vera saman med i høgtider. Det kan vera folk som er nytilflytta, eller det kan vera lærlingar som har lang veg heim, så vi tenkjer at det kan vera fint å ha ein fredagsklubb å gå til der ein møter folk ein kan bli kjent med og ha det triveleg med, der ein veit at ein er velkomen, seier Christina.

Dei legg til at dei har god støtte i starten både frå Mental Helse og frivilligsentralen.

– Det er vi glade for. Det er godt å ha dei i ryggen når vi skal i gang med noko vi aldri har gjort før, smiler dei.