Fleire hundre personar, unge, vaksne og eldre samla seg i fakkeltog for psykisk helse laurdag. Arrangøren var Stryn Gatebilklubb med alle ungdomane i spissen.

Nils Petter Hauge frå LEVE heldt appell utanfor gatebilklubben sine lokale på Petteneset før fakkeltoget gjekk av garde gjennom sentrumsgatene. Og etter at toget var tilbake til start, serverte Redd Barna og Stryn Røde Kors kaffi og kakao. Klubblokalet var og ope for omvisning for alle som hadde lyst å sjå.

– Ei fin og varm markering i ei spesiell tid, seier Espen Stølen, ein av initiativtakarane til markeringa.