Hopp til innhold

Angst, desperasjon og rus blant asylungdom: – Har omfattande traume

Dei kjem til Noreg utan foreldre og mange slit med psykiske vanskar. Men staten har ikkje oversikt over kva oppfølging dei faktisk får.

– Det var fleire på mottaket som drakk Zalo eller sjampo i rein desperasjon, fortel ein ung afghansk mann.

Som einsleg mindreårig asylsøkar budde han fleire år på asylmottak før han fekk opphald. Den lange ventetida gjekk på nervane laus for fleire av ungdommane.

– Dei spydde bobler etterpå, fortel han.

Vi treffer han på gata i Oslo. I eitt år har NRK blitt kjent med tidlegare einslege asylbarn som no er unge menn og har hamna utanfor samfunnet.

Dei fortel om tankekøyr og eit liv i kaos. Fleire går på medisinar for å takle kvardagen. Somme fortel om kompisar som tar sjølvmord.

– Alle løgnene, presset og det mellombelse livet tar deg til slutt, fortalde «Rashid» nyleg, som også kjem frå Afghanistan.

Som tenåring på mottak sleit han med å ta imot psykisk helsehjelp.

– Kvar gong eg snakka om det blei det kaos i hovudet, og det tok lang tid før eg fekk det ut av hovudet att.

Ung mann fotografert bakfra foran et gjerde. Han har Louis Vuitton t-skjorte og tatovering på armen.

«Rashid» (26) sleit med psykiske vanskar også som tenåring.

Oppdaga ikkje diagnose før drap

Ingen har i dag oversikt over kor mange einslege mindreårige asylsøkarar som slit med si psykiske helse, eller kva helsetilbod dei får.

Det opplyser Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet til NRK.

– Dei har jo rett på dei same helsetenestene som befolkninga elles, men om dei faktisk får det, det veit vi ikkje nok om, seier Øyvind Gievær, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

I verste fall kan det få fatale konsekvensar, seier Kjell-Ole Myrvoll, klinisk sosionom ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) i Sjøvegan i Troms, som tilhøyrer Universitetssjukehuset i Nord-Noreg.

I 2018 gjekk ein 17 år gamal einsleg mindreårig asylsøkar inn på Coop Byggmix i Vadsø og drap ein 18 år gamal tilsett med ein tapetkniv.

Dei sakkunnige konkluderte med at gjerningsmannen mest truleg hadde vore paranoid schizofren i fleire månadar før drapet. Trass i at han hadde vore i kontakt med helsevesenet, var det ingen som plukka det opp i forkant. Han vart dømt til tvungent psykisk helsevern.

Stor variasjon mellom kommunane

NRK har tidlegare avslørt at forsvunne asylbarn sjeldan blir leita etter, at dei får for dårleg omsorg på mottak, og at nokon hamnar i kriminelle gatemiljø.

Psykiske vanskar er ein fellesnemnar.

Mange slit mens dei sit på mottak og ventar, viser saker om forsvunne einslege asylbarn som NRK har fått innsyn i hos politiet frå og med 2015:

I eit anna tilfelle frå 2018 fortel mottaket om ein «gut som slit psykisk og er vist til BUP, men ikkje starta opp behandling. Han har gjort hærverk og trua tilsette».

Desse tre gutane var over 15 år og forsvann frå Sjøvegan asylmottak i Troms.

Sjøvegan statlige asylmottak

Sjøvegan asylmottak for einslege mindreårige asylsøkarar.

Foto: Jenny Myrvoll

Kjell-Ole Myrvoll og kollega Randi Elisabeth Jenssen ved BUP i Sjøvegan har lenge jobba med å følge opp unge asylsøkarar som slit med psykiske vanskar. Åtte av ti som kjem til dei, får diagnosen PTSD.

Dei ser at helsetilbodet asylungdomane får, varierer stort frå kommune til kommune, og seier at mange ikkje får hjelpa dei får av helsevesen og mottak.

Ein del dett ut av samfunnet, ut av skulen, kanskje ut av jobben. Dei klarar ikkje å fungere. I nokre tilfelle hamnar dei i miljø dei ikkje burde vere i, med rus og kriminalitet, seier Myrvoll.

Kjell Ole Myrvoll og Randi Jenssen

Kjell-Ole Myrvoll og Randi Elisabeth Jenssen ved BUP Sjøvegan.

Foto: Martin Mortensen

– Ungdommane er veldig prega

– Mange slit med omfattande traume og einsemd. Både erfaringar frå krig i heimlandet, konfliktar, og ikkje minst det dei vart utsett for på flukta til Noreg, fortel dei kliniske sosionomane.

Det er tilrådd, men ikkje obligatorisk å utføre ei tidleg helsekartlegging når eit asylbarn kjem til Noreg. Spørsmåla om psykisk helse blir berre stilt i enkelte tilfelle.

Det reagerer dei kliniske sosionomane på.

Det er rett og slett for dårleg at vi i Noreg i 2024 faktisk ikkje klarar å etablere gode nok tilbod for desse ungdommane, seier Myrvoll.

Vidare meiner dei det er for få tilsette på mottaka til å følge ungdommane tett nok opp.

– Er det fire på vakt på 40 ungdommar, er det ikkje nok til å følge dei opp, seier Myrvoll.

– Vi ser angst, depresjon og at dei slit med å tilpasse seg. Ungdommane er veldig prega av alt dei har med seg, som kanskje gjer at dei ikkje klarar å konsentrere seg på skulen, ikkje klarar å sove. Det er absolutt behov for bistand og hjelp, seier Jenssen.

Jenssen og Myrvoll jobber som kliniske sosionomer og har vært i kontakt med mange enslige mindreårige asylsøkere.

80 prosent av asylbarna som kjem til BUP Sjøvegan, får diagnosen PTSD.

Foto: Linn-Hege Bakkehaug

Ventetida gjer livet vanskeleg

Ei rekke forskingsartiklar og kartleggingar dei siste åra stadfestar bildet av at asylbarn og -ungdommar slit med eller utviklar psykiske vanskar i Noreg.

Fleire aktørar peikar på at lang saksbehandlingstid av asylsøknader tærer på den psykiske helsa.

Når Utlendingsdirektoratet (UDI) i tillegg bryt fristane for saksbehandlingstid, blir ventetida endå lenger.

Det stadfestar mottaksleiarar i ei kartlegging UDI gjorde i august i fjor:

Ja, vi observerer åtferdsendringar hos bebuarane våre. Mykje frustrasjon, utagering og til dels slåstkampar.

Mottaksleiar

Dei fleste mottaka gjer tiltak for å gi best mogleg omsorg, og viser vidare til ulike helsetenester, ifølge rapporten.

Det er fleire av bebuarane som kunne ha behov for tettare oppfølging frå helse, men kommunen har ikkje kapasitet til å ta imot dei.

Mottaksleiar

Utlendingsdirektoratet har ansvaret for mottaka der asylbarn og -unge bur, mens den enkelte kommune har ansvar for helsetilbodet for mottak i sitt område.

– Vi er avhengig av at mottakstilsette ser at dei har problem, og at dei blir tatt imot av helsevesenet, seier Gro Anna Persheim, fagsjef i UDI.

Kritisk til manglande oppfølging

Ungdommane fortel sjølve om korleis dei har det i ein ny rapport frå SOS-barnebyar. Dei har snakka med åtte personar i alderen 15-21 år som alle flykta til Noreg åleine, og no har fått opphald.

Ein av dei fortel:

Eg tenker nokre ganger på vonde hendingar og får bilder i hovudet av dei. (...) Eg prøver å unngå å tenke på dei, utan at det hjelper heilt. Det er vanskeleg.

Einsleg mindreårig flyktning

Helsetilbodet dei får, verkar tilfeldig frå kommune til kommune, ifølgje rapporten.

Sjølv om fleire av dei fortel om traume og symptom som tilseier at dei treng oppfølging, har ingen av ungdommane vore i kontakt med spesialisthelsetenesta.

Daniel Bøhn Rayner SOS-barnebyer

Daniel Bøhn Rayner.

Foto: SOS-barnebyer

– Det er svært kritikkverdig, seier Daniel Bøhn Rayner, politisk rådgivar i SOS-barnebyar.

Det hjelper ikkje med helsekartlegging når dei unge ikkje blir følgde opp med behandlingstilbod og oppfølging i andre enden.

Rapporten kjem med mellom anna desse forslaga til tiltak:

  • Stat og kommune må saman sikre at barn får psykisk helsehjelp slik dei har krav på, og at dette må skje allereie frå første møte med barnet.
  • Tilbodet om psykisk helsehjelp skal vere lett tilgjengeleg, og tilbydast til alle barn uavhengig av om dei tar kontakt eller ikkje.
  • Gi barna kjensla av å bli tatt vare på, få omsorg og å tilhøyre samfunnet, og ha tilgjengelege kommunikasjonskanalar for å søke hjelp.

Staten uroa for den lange ventetida

Helsestyresmaktene er også særs uroa for asylbarna som kjem åleine til Noreg.

Vi fryktar at lang saksbehandlingstid bidreg til å auke dei psykiske utfordringane i denne gruppa, seier Øyvind Giæver, direktør for avdeling levekår i Helsedirektoratet.

Øyvind Gievær, Helsedirektoratet

Øyvind Gievær.

Foto: Dragana Njegic / Helsedirektoratet

Etter NRKs saker om forsvunne asylbarn og tilsyn ved mottak, har fleire internt i Helsedirektoratet stilt spørsmål ved om helsetenestene har god nok kvalitet. Særleg er dei uroa for einslege asylbarn over 15 år. Det viser innsyn i ein e-post-tråd mellom tilsette i januar i fjor.

«Det er utan tvil samfunnsøkonomisk gevinst med tidleg helsekartlegging og tidleg helsetilbod til denne gruppa», skriv ein tilsett.

Vil sikre betre forhold for barna

Før jul tok Helsedirektoratet initiativ til eit prosjekt for å løfte forholda for dei einslege asylbarna mellom både departementa og direktorata i staten.

Målet er å sikre betre samarbeid mellom helse-, utlendings-, barne- og ungdomsstyresmaktene, barnevern og kommunar, ifølgje Gievær.

Vidare meiner han det ikkje er heilt heldig at UDI både skal ha ansvar for omsorga for dei eldste asylbarna og for å handsame asylsøknaden deira.

Mange vil vere redd for at dersom dei melder frå om problem, at det kan påverke søknadane deira eller søknadsbehandlinga negativt, seier avdelingsleiaren.

I februar skal Stortinget handsame eit forslag frå SV om tiltakspakke for einslege asylbarn.

Hei! Har du tips?

Kontakt oss gjerne på e-post eller bruk NRKs varslingsteneste om du ønsker å dele tipset kryptert eller vere anonym. 

Vi har tidlegere skrive om Agathe, niåringen og resten av asylbarna som har forsvunne. Vi har også skrive om følgepersonar, og jenta som skulle bu med ein truande mann.