Psykiatri og politisk hykleri
Det vi ser er meir, ikkje mindre tvangsbruk i psykiatrien.
Etter ein serie reportasjar i VG for nokre veker sidan om tvangsbruk i psykiatrien - beltelegging og mangelfull rapportering - reagerte helse- og omsorgsminister Bent Høie og fleire andre politikarar. Saka vart teken opp i Stortinget 4. mai. Problemet er at desse intensjonane ikkje rimar med det regjeringa og Stortinget gjer i praksis.
14. mars vedtok Stortinget ei utviding av heimelen i straffelova til å døma folk til tvunge psykisk helsevern. Deretter, 24. mai, avgav helse- og omsorgskomiteen ei innstilling om prop. 78 L, der det er føreslått høve til rutinekontroll i form av kroppsvisitasjon og gjennomgang av pasienten sin bagasje på alle institusjonar for døgeropphald i psykiatrien. Framlegget gjeld òg dei som er friviljug innlagde.
I tillegg vert dagens løyve til å vedta kroppsvisitasjon etter grunngjeven mistanke utvida til også å gjelda poliklinikkar. Innstillinga vert handsama i Stortinget 30. mai.
Alt dette handlar om at det vert meir tvang og fleire kontrolltiltak.
Politikarane talar altså med minst to tunger her. Viss dei faktisk bankar denne proposisjonen gjennom i Stortinget samstundes som dei er «kritiske» til den underrapporterte tvangsbruken i psykiatrien, vert hykleriet komplett.
Ordet «tryggleik» gjev fripass til heile registeret av krenkingar, inkludert langvarig beltelegging, jf. saka om kvinna på Gaustad som har vore beltelagd heile eller mesteparten av døgeret i to år. Borgarting lagmannsrett og den kronisk autoritetsblinde kontrollkommisjonen velsignar torturen. Ikkje overraskande har sistnemnde organ ein representant frå Mental Helse som gjev full støtte til overgrepa. Det føyer seg inn i rekkja av svik frå den organisasjonen.
Tryggleikssykja syner seg på nytt ved framlegget om innføring av høve til rutinemessig kroppsvisitasjon på alle døgerinstitusjonar. Dette er ein skråplaneffekt av «Lex Breivik» frå 2012, som m.a. medførte legalisering av kontrolltyranniet på tryggingsavdelingane. Bent Høie sa den gongen at dei fleste psykiatriske pasientar ikkje er farlege, så det skulle ikkje innførast på psykiatriske akuttavdelingar. Etter fire år er dei altså vortne farlege likevel.
Arve Kirkevik, Styreleiar i Informasjonssenteret Hieronimus
Eva Rognvik, Dagleg leiar i Informasjonssenteret Hieronimus
Joar Tranøy, Psykolog og kriminolog