– Det er ei frykt blant dei tilsette i høve til å snakka om sjukefråvær, seier hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Bergen kommune, Renathe Remes Øen.
Førre veke fortalde NRK om rekordhøgt sjukefråvær og belastande arbeidskvardag i bufellesskapa i Bergen, der fråværet somme stader er opp mot 25 %.
– Fråvær som handlar om arbeidsmiljø, arbeidsoppgåver, leiarskap og manglande involvering er særskild vanskeleg å snakka om, seier Øen.
Ho får støtte frå Høgres Jana Midelfart Hoff.
– I komité for helse og sosial har vi ei kjensle av frykt blant tilsette i bufellesskapa.
- Les også:
Ueinige om fryktkultur
Hoff meiner å sjå tendensar til ein fryktkultur.
– Det verkar ofte som at folk er redde for å uttala seg i høve til leiinga og hovudadministrasjonen. Det inntrykket har eg også delvis fått stadfesta gjennom førespurnader frå pårørande, seier Hoff.
Men etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma, kjenner seg ikkje att i det.
– Me jobbar veldig ope med sjukefråværet. Tilsette seier i stor grad frå om det dei meiner er kritikkverdige tilhøve, seier han.
VIL HA OPENHEIT: Etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma seier dei er opptekne av å vere opne når det gjeld sjukefråvær.
Foto: Leif Rune Løland / NRKHeller ikkje helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) er einig med Hoff.
– Eg er ikkje kjend med nokon som helst fryktkultur eller noko som skulle vera til hinder for god kommunikasjon, seier Gåskjenn.
– Redde for å bli uglesett
– Openheitskulturen er nok ikkje slik visjonen i Bergen kommune vil ha det til. Jo lenger ned ein kjem, ut der tenestene blir levert, jo mindre openheit trur eg det er, seier Øen i Fellesorganisasjonen.
Ho fortel om ei særleg frykt blant tilsette i deltids- og korttidstillingar.
– Det er ein fryktkultur, for dei er så redde for ikkje å få vakter vidare, seier Øen.
FRYKTKULTUR: Hovudtillitsvald for Fellesorganisasjonen i Bergen kommune, Renathe Remes Øen, er uroa over at tilsette kvir seg for å snakka om sjukefråvær.
Foto: Leif Rune Løland / NRKOgså Henning Åsheim, som er verneombod for alle i Etat for tenester til psykisk utviklingshemma, stadfestar at folk ikkje vågar å snakka om arbeidsbelastning og sjukefråvær.
– Det kan vera dei er redd for å bli uglesett og få konsekvensar i etterkant. Eg trur me har ein veg å gå for å få ei openheit ute om det.
Toppstyring skapar utfordringar
Hoff meiner både aukande sjukefråvær og redsle for openheit handlar om ein kultur med toppstyring og manglande involvering av dei tilsette.
– Viss ein heile tida opplever å bli styrt ovanfrå og ned, med lite høve til å påverka sin eigne arbeidskvardag, kan ein faktisk bli sjuk av det.
- Les også:
Mikkel Grüner i SV, som leiar helse- og sosialkomiteen i Bergen, meiner ei endring krev tillit til tilsette.
VIL HA ENDRING: Mikkel Grüner (SV) er uroa over at om lag kvart femte bufellesskap i Bergen har over 15 prosent sjukefråvær, og fire av dei har over 20 prosent.
Foto: Even Norheim Johansen / NRK– Då må ein slutta å sjå dei tilsette over skuldrene og fotfølga dei for å sjekka at målstyringa blir følgt. Det krev at ein har tillit til sine eigne tilsette og ikkje detaljstyrer dei, seier Grüner.
Gåskjenn og Virkesdal oppmodar eventuelt folk til å bruka vernetenesta, tillitsvalde eller den anonyme varslingslinja.
– Me vil ikkje at folk skal legga lokk på kritikk, seier etatsdirektøren.