Den norske tannlegeforenings Tidende
12.04.2018

Langvarig psykisk liding er forbunde med ei rekkje tilleggsbelastingar fysisk og sosialt. Ei av desse vanlege, men ofte oversette tilleggsbelastingane er redusert tannhelse. Tannverk i tillegg gir ikkje berre smerte og ubehag, men blir for mange også eit hinder når det gjeld å kunna smila, eta og snakka saman med andre.
Hjå personar med alvorlege eller langvarige psykiske lidingar har forsking konsekvent funne auka førekomst av somatisk sjukdom, kortare livslengd grunna somatisk sjukdom og redusert livskvalitet (1). Det er også dokumentert svekka tannhelse og underforbruk av tannhelsetenester (2, 3). I ein oversiktsartikkel om alvorlege psykiske lidingar (APL) og fysisk helse viser De Hert, Correll og medarbeidarar (1) til 12 studiar som dokumenterer dårleg tannhelse og store tannbehandlingsbehov. Eit komplekst samspel av faktorar skapar barrierar og vanskeleggjer tilgang og bruk av tannhelsetenester for denne gruppa. Forskarar finn tilstanden alarmerande og tar til orde for tiltak som kan sikra reell tilgang på og kvalitet i helsetenestene for personar med alvorlege psykiske lidingar (4, 5).
Denne teksten vil utforska moglege barrierar personar med alvorlege psykiske lidingar møter på i høve det å oppretthalda ei god tannhelse. Teksten byggjer på litteraturgjennomgang, men også på erfaringar frå arbeidet vårt i TOO-teamet ved Stord tannklinikk. TOO står for tortur, overgrep og odontofobi (tannbehandlingsangst), og teamet blei oppretta våren 2013 som del av ei større satsing frå Helsedirektoratet med tanke på å tilby tilrettelagde tannhelsetenester til utsette grupper. Personar med alvorlege og langvarige psykiske lidingar er ikkje eksplisitt nemnde i målgruppa, men har i praksis kome inn grunna betydeleg overlapp med anten kriteriet erfaring med vald eller overgrep, eller innslag av odontofobi. Me vil også kort presentera eit forskingsprosjekt som er under planlegging i Sunnhordland med utgangspunkt i dei utfordringane som er nemnde her.
Bakgrunn
Tannhelse er ein viktig faktor for generell helse, livskvalitet og velvære, og påverkar personens høve til å kunna eta, snakka og vera saman med andre utan sjenanse (6). Det er eit uttalt mål frå norske styresmakter at alle skal ha rett til god tannhelse, og utsette grupper har difor rett på gratis behandling (7). Personar som har alvorlige psykiske lidingar, kan få denne retten, med eit tilleggskriterium at ein anten er innlagt minimum tre månader eller har oppfølging av psykisk helseteneste (heimesjukepleie) kvar veke i minimun tre månader.
I Noreg har altså mange personar med psykiske lidingar tilbod om gratis tannbehandling. Me manglar systematisk kunnskap om i kva grad dei dette gjeld, er kjent med og gjer seg nytte av retten dei har. Erfaringane våre frå TOO-teamet tyder på at mange i denne målgruppa har tannhelseproblem og av ulike grunnar strevar med å nytta seg av tilboda i tannhelsetenesta. Eit prosjekt som vart gjennomført i tre fylke i 2001 - 2003 dokumenterte, i tråd med våre usystematiske observasjonar, betydelege udekka behandlingsbehov i gruppa (8). Det kan altså vera grunn til å anta at det ikkje er nok å etablera tilbod og økonomiske støtteordningar for å sikra reell tilgang for sårbare grupper. Ein treng kunnska
Gå til medietDenne teksten vil utforska moglege barrierar personar med alvorlege psykiske lidingar møter på i høve det å oppretthalda ei god tannhelse. Teksten byggjer på litteraturgjennomgang, men også på erfaringar frå arbeidet vårt i TOO-teamet ved Stord tannklinikk. TOO står for tortur, overgrep og odontofobi (tannbehandlingsangst), og teamet blei oppretta våren 2013 som del av ei større satsing frå Helsedirektoratet med tanke på å tilby tilrettelagde tannhelsetenester til utsette grupper. Personar med alvorlege og langvarige psykiske lidingar er ikkje eksplisitt nemnde i målgruppa, men har i praksis kome inn grunna betydeleg overlapp med anten kriteriet erfaring med vald eller overgrep, eller innslag av odontofobi. Me vil også kort presentera eit forskingsprosjekt som er under planlegging i Sunnhordland med utgangspunkt i dei utfordringane som er nemnde her.