Her er dei fortvilande historiene frå glattcellene i 23 norske fengsel
Innsette i norske fengsel kan bli låst inne og isolert på glattceller i fleire døgn – nokre gongar fleire veker.

Mange av dei er psykisk sjuke.
Det strir mot internasjonal lov, og Norge har fått klar beskjed frå FN om å skjerpe seg.
Men lite har skjedd. Kriminalomsorgen har ikkje ein gong oversikt over tvangsbruken.
I «fyllearresten» må politiet ha god grunn til å halde deg lenger enn 48 timar. I fengsel finst det derimot inga slik grense.
BT har derfor forsøkt å lage sin eigen oversikt over kor mykje tvang som blir brukt i norske fengsel.
Her er dei fortvilande historiene frå glattcellene i 23 norske fengsel.
Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.
Gjester i podkasten denne veka er Torunn Aarøy og Ingrid Fredriksen. Dei er journalistar i BT, og har det siste året undersøkt bruken av tvang i norske fengsel.
Produsent er Henrik Svanevik.