(BA): – Våre frivillige har meldt om eit titals meldingar konkret om Ukraina. Det handlar i stor grad om bekymringar om at konflikten skal spreie seg til Norge, fortel Nelli Kongshaug.
Ho er einingsleiar for Kors på halsen, Røde Kors sitt samtaletilbod for barn og unge.
Viktig å ikkje bagatellisere
Kongshaug har forståing for bekymringa.
– Det er ikkje rart ein blir bekymra når ein les nyheitene og ser bilde i sosiale medium. Det er viktig at vi ikkje bagatelliserer bekymringane. Det er også viktig at vi får fram at det er forskjellar på russarar generelt og styresmaktene, seier ho.
Vil vite meir om nokon dagar
Fylkesleiar i Mental Helse Hordaland, Vibeke Hellesund, meiner innverknaden vil vise seg tydelegare med tida.
– Eg vil tru det er ekstra mange som er uroa og engstelege. Vi veit nok meir om dette om nokon få dagar – det har jo gått så kort tid, fortel Hellesund.
Sjefspsykolog i Sammen psykisk helse, Øystein Sandven, antydar det same.
– Vi reknar med at det kan komme meldingar etter kvart – både frå folk som er engstelege for situasjonen generelt, og frå folk som er direkte råka. Det er truleg studentar i Bergen som har tilknyting til både Ukraina og Russland, fortel Sandven.
Folk stod utanfor dørene før opninga for å donere klede til Ukraina: – Behovet er større enn aldri før

Alle apoteka er utselde for jodtablettar: – Eg venta ikkje så stor pågang

Kleda dei får er eigentleg meint for folk i Alver: No vil den lokale hjelpegruppa hjelpe ukrainarar i naud
Les meir om: artikkelemnene
Kommentarer til denne saken